Hans Gutzeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Gutzeit
Hans Gutzeit.jpg
Fødd 17. juli 1836
Drammen
Død

1. januar 1919

Yrke forretningsdrivande

Hans Andreas Melhuus Gutzeit, (17. juli 18361. januar 1919) var ein norsk industrigrunnleggjar, fødd i Drammen. Han er mest kjend for å ha grunnlagd den såkalla "Norske sågen" i Kotka i Finland. Hans Gutzeit sin far hadde eit sagbruk i Fredrikstad, W. Gutzeit & Co. Hans arva sagbruket i 1869.

Høgkonjunkturen i Europa etter den tysk-franske krigen tydde at prisane på tømmerstokkar i Noreg vart høgare.

I 1872 flytta Hans Gutzeit føretaket til Kotka i Finland. Der i sjøregionen Päijänne var tømmerprisane framleis særs låge.

Gutzeit sitt sagbruk voks til det største føretaket innan papirindustri i Finland, Ab Enso-Gutzeit Oy, den finske delen av det noverande Stora Enso.

Hans Gutzeit tok med seg kring 20 norske familiar. Mange flytta attende til Noreg etter at prisane gjekk nedover. Mange vart att i Finland. Til dømes seinare president i Finland Martti Ahtisaari sin farfar heitte Adolfsen og var ein av dei norske som flytta i 1872. Etternamnet vart forfinska til Ahtisaari på 1920-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]