Hans Hansson Leirflaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hans Hansson Leirflaten (18001885) var ein husmann og kunstsmed frå Heidal i Oppland.

Leirflaten reiste til Bergen og gjekk i lære i byen, før han vende tilbake til heimbygda og sette bus som plassemann og smed i Øvre Heidal. Han laga «framifrå låsar, ljår og øksar», «sers vakre dørbeslag» og anna skoningsarbeid. Leirflaten «skal ha vore meister for noko av det mest framifrå smedarbeidet som er laga i Gudbrandsdalen.» I heimbygda lærde han elles mykje av Peder Langrusten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957