Heidal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gardstun i Heidal

Heidal er ei bygd og ein tidlegare kommune i dåverande Oppland fylke. Heidal er elles eit kyrkjesokn i Sel prestegjeld. Talet på ibuarar i Heidal nådde 1781 i 1950, sidan den gongen har det gått noko tilbake.

Heidal er ei fjellbygd i og kring Sjoa-dalføret. Landskapet er prega av trange dalar, fossande elvar og høge rundvorne fjell. Folket er busett i grender i 300 til 800 meter over havet. Bygdesenteret på Bjølstadmo ligg ei 470 moh. Bygda er kjend for dei mange hundreår gamle bygningane på ymse gardsbruk, mellom andre på storgarden Bjølstad. Heidal kyrkje er frå 1930-åra, nokså nært kopiert etter den 1700-talskyrkja på staden som brende ned i 1933.

Bygda er mellom anna kjend for Heidalosten produsert ved Heidal Ysteri. Eventyret «Smågutane som trefte trolla på Heddalsskogen» er lagt til Heidalsskogen i den nedre delen av bygda. Målaren Johs. Torbjørn Rudrud har måla alle gardane.

Langrennarane Erling Steineide og Reidar Bekkemellem var frå Heidal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954