Hans Henrich Maschmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Henrich Maschmann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1775
Død

19. november 1860 (85 år)

Yrke farmasøyt, forretningsdrivande, kjemikar
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Hans Henrich Maschmann (6. mai 177519. november 1860) var ein norsk apotekar frå Christiania, kjend for å forsyne landet med medisinar under napoleonskrigane. Han var far til Bernt Maschmann.

Far hans var ein tysk innvandrar som frå 1773 dreiv Elefantapoteket i Christiania. Sjølv reiste han i 1787 til Hamburg og gjekk tre år på skule i den nordtyske byen. Sidan arbeidde han på apotek i Fredrikhald frå 1790. Han las deretter kjemi før han i 1796 avla apotekareksamen. Året etter tok han over familieapoteket i Christiania.

Maschmann vart utnemnd til professor i 1808, tre år før Noreg fekk universitet. Grunna napoleonskrigane var det desse åra mangel på medisinar i landet. Maschmann, som også var medlem i sunnhetskollegiet i Christiania, organiserte då eit medisinlager. Han fekk også løyve til å lage brennevin av poteter.

Frå 1818 underviste Maschmann i kjemi ved Det Kongelige Frederiks Universitet i den norske hovudstaden, såvel som ved Den Militære Høiskole. Saman med økonomen Gregers Fougner Lundh og astronomen Christopher Hansteen fekk han i 1823 etablert tidsskriftet 'Nytt magasin for naturvidenskapene'.

Etter han fekk i stand dampskipsrute mellom Christiania og Trondheim, vart Maschmann i 1825 vald til medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I tida 1829 til 1850 var han også med i styringa for Norges Vel.

Maschmann vart tildelt St. Olavs Orden i 1853. Maschmanns gate i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]