Christopher Hansteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om fysikaren og astronomen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Christopher Hansteen (fleirtyding).
Foto: C. Wischmann/Nasjonalbibliotekets arkiv
Christopher Hansteen

Christopher Hansteen (26. september 178415. april 1873) var ein norsk fysikar og astronom. Han var professor i astronomi og nytta matematikk ved «Det kongelege Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo 1816–1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet. Han redigerte almanakken i ei årrekkje, var medlem av tilsynskomiteen for mål og vekt og ein komite for reorganisering av Noregs skulevesen. Som direktør for den geografiske oppmålinga tok han initiativ til kartlegginga av seglingstilhøva langs norskekysten. Hansteen grunnla òg observatoriet til universitetet, som framleis er i sentrum av Oslo.

I løpet av den lange karrieren sin gjennomførte Hansteen fleire ekspedisjonar i og utanfor Noreg. Frå 1828 til 1830 deltok han i ein regjeringsstøtta ekspedisjon til det vestlege Sibir, som blant anna hadde som siktemål å fastslå om jorda har ein eller to magnetiske aksar. Dette førte til utgjevinga av reiseskildringa Ferd-Erinnerungen aus Sibirien (1854, på norsk som Ferd-Erindringer i 1859), medan forskningsresultata vart publisert i 1863 under tittelen Resultate magnetischer Beobachtungen. Hansteen påpekte sambandet mellom magnetfeltet til jorda og nordlyset, og var tidleg ute med å skildre nordlysovalen.

Han deltok òg i arbeidet med Struvemeridianen. Eit krater og eit fjell på månen er kalla opp etter Christopher Hansteen. Han er avbilda på norsk frimerke NK903 (1984).

Han var far til Aasta Hansteen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Hansteen vart i 1847 utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden og vart 21. august 1855 forfremma til storkors «for udmærket Videnskabelighed».[1] Han var òg riddar av Dannebrogordenen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]