Hans Holbein den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Holbein den yngre

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket, Sveits
Fødd 1497
Augsburg
Død

29. november 1543 (46 år)
London

Yrke kunstmålar, grafikar, grafikar, illustratør, portraitist, teiknar, exlibrisist
Sjanger portrettmåleri, portrett, religiøs kunst
Far Hans Holbein den eldre
Born Philipp Holbein I.
Hans Holbein den yngre på Commons
Denne artikkelen handlar om kunstnaren Hans Holbein den yngre. For informasjon om far hans, sjå Hans Holbein den eldre.

Hans Holbein den yngre (1497 eller 1498- 29. november 1543) var ein biletkunstnar fødd i Augsburg i Bayern. Kunsten hans fell inn under stilretninga nordleg renessanse og han var mellom dei heilt fremste av portrettmålarar i sin periode. Hovudområda han budde og arbeidde i var Basel i Sveits og London i Storbritannia. Holbein arbeidde med teikning, grafikk og måleri. I tillegg formgav han glasmåleri, klesdraketer og anna, og han illustrerte bøker. Frå 1536 var han hoffmålar hjå kong Henrik VIII av England.

Familie og opplæring i målarkunsten[endre | endre wikiteksten]

Familien til Holbein

Hans Holbein d.y. vart fødd inn i ein kunstnarfamlie i Augsburg sør i Bayern. Både faren, Hans Holbein den eldre, og onkelen, Sigismund Holbein, var målarar, og det same gjaldt broren Ambrosius Holbein. Han fekk opplæring hjå faren før han i lag med Ambrosius gav seg av sørover til Basel i Sveits i 1514. I Basel fekk han arbeide og opplæring i verkstaden hjå Hans Herbster. I 1517/1518 var han til Lucerne der han hadde fått oppdrag, og kanskje var han også i Nord-Italia på same turen, sjølv om Carel van Mander i si Schilderboeck frå tidleg på 1600-talet seier at Holbein aldri var i Italia. Andre kunsthistorikarar meiner i alle fall å kunne sjå påverknad frå den italienske kunstnaren Andrea Mantegna og lombardisk målarkunst i arbeida hans etterpå. I 1519 vart han teken opp i kunstmålarlauget i Basel og året etter gifta han seg med enkja etter ein garvar, Elsbeth Binzenstock, og vart borgar av Basel. Han fekk fire born med Elsbeth; Philipp, Katharina, Jakob og Küngold.

Arbeidsåra i Basel[endre | endre wikiteksten]

Erasmus
1523

I Baselområdet fekk han ulike oppdrag som måling av altartavler, glasmåleri, freskoar og portrett. Tresnittserien Dødsdansen skal han ha teikna allereie tidleg på 1520-talet (det var ein annan kunstnar som overførte teikningane til tresnittblokker), sjølv om han ikkje vart utgjeven før i 1538, og då i Lyon.

Basel var eit åndeleg senter og mykje humanistisk og reformatorisk litteratur vart prenta og utgjeve der på denne tida. Holbein laga tresnitt til tittelblada og initialar til bøker for boktykkjarane i byen, mellom anna til den tyske bibelomsetjinga til Martin Luther og til nyutgjevingar av klassikarar. Holbein vart kjend med den nederlandske humanisten Erasmus. Han måla fleire portrett av Erasmus og illustrerte ei utgåve av satira Moriae Encomium med penneteikningar for han.

Reformasjonsrørsla gjorde det etter kvart vanskeleg for Holbein og andre biletkunstnarar å livnære seg i Basel. Utstyrt med introduksjonsbrev frå Erasmus stila til venene og åndsfrendane Peter Giles i Antwerpen og Thomas More i London la Holbein ut på ei reise til England på slutten av 1526, medan kona og ungane vart verande att i Basel.

Det fyrste opphaldet i England[endre | endre wikiteksten]

Hjå Thomas More fekk Holbein i oppdrag å måle eit bilete av Morehuslyden. Målalstykket finst ikkje lenger og er i dag berre kjend frå kopiar laga på 1500-talet av andre kunstnarar og gjennom Holbein si teikna førehandsskisse. Skissa viser alle kvinnene med bøker i hendene og det ligg også bøker på golvet framom gruppa. Med unntak av familienarren til More, Henry Patenson, er alle fordjupa i bøker, samtale eller eigne tankar. Patenson er den einaste som har merksemda retta mot kunstnaren, han ser beint ut mot oss. Øvst i biletkanten heng eit veggur og fortel om tida som går og forsvinn.

Holbein laga òg eit portrett av Thomas More åleine. Kontaktar More formidla resulterte i fleire andre portrettoppdrag hjå dei rike og innflyteserike menneska i krinsen rundt Thomas More. Han måla til dømes portrett til William Warham; Erkebiskop av Canterbury, Sir Henry Guildford og Lady Mary Guildford, Oxfordprofessoren Nikolaus Kratzer og eit dobbeltportrettet av Sir Thomas Godsalve og sonen John.

Heimatt til Basel[endre | endre wikiteksten]

Meyer Madonna
1526 og 1528–1530

I 1528 reiste han heimatt til Basel. Då hadde han tent opp så mykje pengar i England at han kunne kjøpe nytt hus til familien sin i Basel.

Han hadde eit arbeid ventande på seg som var påbyrja før han reiste, altertavla Meyer Madonna, også kalla Darmstadt Madonna, sidan originalen no heng i Schloßmuseum Darmstadt. Altartavla var tinga av Jacob Meyer, som var borgarmeister i Basel, og skulle hengje i det private kapellet til Meyerfamilien. Biletet viser Jomfru Maria med Jesusbarnet omgjeven av familien til Jacob Meyer, både dei som var gått bort og dei som enno levde. Det er eit såkalla «Schutzmantelbild» som skulle gje Meyerfamilien ekstra vern av maktene i himmelriket. Altartavla vert halde for å vere det beste arbeidet med religiøst motiv frå hans hand, og det var også det siste religiøse motivet ein kjenner frå Holbein, det vart ferdigstilt i 1530.

Han arbeidde også meir med veggmåleria til rådhuset i Basel på oppdrag frå byrådet.

Elles var ikkje forhalda vorte noko betre i Basel for biletkunstnarar sidan han for til England i 1526, helst tvert om. Læra til Ulrich Zwingli hadde fått fotefeste og i 1528 var det eit stort og valdsamt ikonoklastisk opprør der mest alt av religiøse bilete og skulpturar i Basel vart øydelagt på ein einaste dag. Dei økonomiske nedgongstidene i kjølvatnet av reformasjonen gjorde også sitt til at oppdragsstraumen for Holbein i Basel var nær tørka inn. Han reiste attende til England, familien vart att i Basel denne gongen òg.

Det andre Englandsopphaldet[endre | endre wikiteksten]

Georg Gisze
1532

Då han kom til England i 1532 var mykje snudd på hovudet frå sist han var der. Kongen var i konflikt med kyrkja i Roma sidan paven ikkje ville godkjenne giftarmålet mellom han og Anne Boleyn, og fleire av dei mektige og rike venene Holbein hadde fått sist hadde no kome på kant med kongen. Henrik VIII stramma tyranngrepet sitt om landet, kyrkja og folket, men Holbein skulle kome til å klare seg bra sjølv om den gamle kundekrinsen var fallen i den verste unåde.

Han fekk seg portrettkundar knytte til den haseatiske handelsstasjonen Stalhof i London. Der laga han ei rekkje portrett av handelsmenn som var utposta der. Desse målarstykka er ofte halvlengdsportrett (biletet er avskore ved livet) der den handelsreisande er på kontoret sitt og har eit papir eller ein konvolutt med namnet sitt på mellom hendene.

Ambassadørane
1533

I 1533 fekk han eit større oppdrag. Ambassadørane er 207 x 209 cm og er eit dobbeltportrett i heilfigur av franskmennene Jean de Dinteville og Georges de Selve. Til venstre står Jean de Dinteville, fransk ambassadør til London medan venen Georges de Selve står til høgre. Mellom dei er nokre hyller der det er plassert mange ting som fortel om dei to. På golvet framom dei er ein merkeleg framtoning. Ein ser ikkje tydeleg kva det er utan at ein står og ser på biletet frå venstre heilt innmed veggen biletet heng på. Det har vore hevda at biletet har vore meint å hengje i ein trappeoppgong, då vil folk naturleg kome innpå biletet slik at forvrenginga Holbein har gitt motivet vil gjere at ein ser det tydeleg. Då ser ein at det er ein hovudskalle Holbein med meistarleg teknikk har lagt inn i biletet som eit memento mori, ei påminning om livet er kort og døden lang midt i biletet av dei to praktkarane i sine beste leveår og største makt.

Han måla også eit portrett av statsmannen Thomas Cromwell i 1533 eller 1534. Det var truleg kontakten med Cromwell som gav Holbein tilgang til hoffet til Henrik VIII. Frå då av fekk han portrettoppdrag frå folk i krinsen rundt kongen, som Sir Nicholas Carew, Robert Cheseman og Charles de Solier, Lord of Morette. I 1536/1537 vart så Hans Holbein d.y. hoffmålar hjå Henrik VIII. Han måla fleire portrett av kongen, og også av ulike dronningar og av prinsen. Av dei bileta som er bevarte og er tilskrivne Holbein er det fleire som er omdiskuterte når det gjeld om det er Holbein sjølv som har måla dei. Somme bilete meiner ein er nokolunde samtidige kopiar laga av folk tilknytt Holbein sitt eige studio, andre er seinare kopiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hans Holbein den yngre