Hans Hvide Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Hvide Bang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1922
Død

13. februar 1999 (76 år)

Yrke naturfotograf

Hans Hvide Bang (fødd i 1922, daud 13. februar 1999) var ein norsk fotograf og filmmakar.

Bang var på fleire område ein pioner innan norsk naturfilm. Omkring 1950 overvintra han på Grønland med eit enkelt filmkamera av «opptrekkstypen». Den gongen var overvintringa i seg sjølv eit vågestykke, der ein var avhengig av kva ein kunne oppnå med rifla i øydemarka for å sikre forsyningar, og av vêrgudane og isforholda for å bli henta heim av fangstskute neste sommar. Delar av filmen frå opphaldet vart vist på fjernsyn, då NRK mange år seinare portretterte Bang.

Han filma mykje for Per Høst, og gjorde mellom anna vesentlege delar av opptaka til filmen «Same Jakki» (1957). Som stillfotograf dokumenterte han samisk liv og levesett på 1950-talet.

Helge Ingstad drog på si første vinlandsferd til New Foundland var Bang fotograf. Han hadde òg oppdrag for NRK sin naturredaksjon og for BBC.

Bang arbeida for Redningsselskapet, og laga film om verksemda deira. Eit av stillbileta hans, ei redningsskøyte i storm, er blant dei mest publiserte bileta i Noreg. Han var medlem av samskipnaden Norske Naturfotografer og knytt til biletbyrået Samfoto.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Når havet kaller. Festskrift for Redningsselskapet (Redaktør Oddvar Nilsen), Norvest Forlag 1981 ISBN 82-90330-13-8