Vinland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frimerke frå 1992 som var ei islandsk-norsk-færøysk fellesutgjeving i samband med det omtrentlege 1000 års-jubileet for vinlandsferda og 500-årsjubileet for Kristoffer Columbus.

Vinland er ei nemning for landområdet funne av Leiv Eiriksson og følgjet hans då dei siglde frå Grønland til austkysten av Nord-Amerika for rundt tusen år sidan. Dei viktigaste kjeldene til det ein veit om Vinland er islendingesagaene Soga om Eirik Raude og Grønlendingesoga. Ifølgje sogene låg Vinland sør for Helluland og Markland.

Det finst fleire spekulasjonar om nøyaktig kvar landet låg. Det er funne arkeologiske spor etter norrøn busetnad på L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland og på Baffinøya i Canada som er blitt kopla til omgrepet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.