Hans Inge Myrvold
Hans Inge Myrvold | |||
| |||
Fødd | 25. januar 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Hans Inge Myrvold (fødd 25. januar 1985) er ein politikar frå Hatlestranda i Kvinnherad. Han var ordførar mellom 2019 og 2021 i Kvinnherad og er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Hordaland for Senterpartiet.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Myrvold har vore medlem i Kvinnherad kommunestyre sidan 2011, vald for Senterpartiet. Frå 2015 var han varaordførar i Kvinnherad, deretter frå 2019 ordførar. Gjennom stortingsvalet 2017 vart Myrvold fyrste vararepresentant for Senterpartiet i Hordaland, møtte perioden 2017–2021 på Stortinget i til saman over 2 månader. Også etter stortingsvalet 2021 er han fyrste vararepresentant til Stortinget. Men ettersom Kjersti Toppe frå 14. oktober 2021 er statsråd i Støre-regjeringa, har Myrvold møtt på Stortinget sidan då. Han er medlem i Helse- og omsorgskomitéen.