Kvinnherad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvinnherad)
Kvinnherad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Rosendal
Areal 1 090,75 km²
 - land 1 043,51 km²
 - vatn 47,24 km²
Folketal 13 089  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Hilde Enstad (Ap)
Kommunenr. 4617
Kart
Kvinnherad kommune
59°55′41″ N 6°2′13″ E
Wikimedia Commons: Kvinnherad
Nettstad: www.kvinnherad.kommune.no

Kvinnherad kommune er ein norsk kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Hovuddelen av kommunen ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, på den sørvestlege delen av Folgefonnhalvøya. Ein flik, dei to bygdene Ølve og Hatlestrand, ligg på vestsida av Hardangerfjorden. Elles omfattar kommunen fleire større og mindre øyar, mellom anna Varaldsøy i nord, og Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy i sør.

Kommunen er den nest største i Sunnhordland, med eit forholdsvis stabilt folketal på 13 256 (2013).

Den største tettstaden er Husnes, som er hovudsenter for industri, handel og utdanning. Her ligg hjørnesteinsbedrifta Hydro Husnes AS (tidlegare Søral, Sør-Norge Aluminium AS), eit større butikksenter og Kvinnherad vidaregåande skule. Husnes båthamn er fleire år på rad kåra til den mest populære båthamna i landet.

Administrasjonssenteret Rosendal er eit kjent og populært turistmål. Dei største attraksjonane her er Baroniet Rosendal, som i dag er museum med ei rekkje kulturaktivitetar i turistsesongen, og den storslåtte fjellnaturen, som dannar innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark.

Halsnøy er ein særmerkt del av kommunen. Viktigaste senteret er Sæbøvik, medan ruinane på Halsnøy Kloster er det fremste av mange historiske minnesmerke. Like ved ligg Sunnhordland Folkehøgskule.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hattebergselva i Rosendal med Melderskin i bakgrunnen.
Halsnøy med Hardangerfjorden i bakgrunnen.

Den delen av kommunen som ligg aust for Hardangerfjorden, ofte kalla «Fastlands-Kvinnherad», grensar i nord mot Jondal kommune og i aust mot Odda og Etne kommunar. I sør utgjer Åkrafjorden og Skånevikfjorden grensa mot kommunane lenger sør. Den delen som ligg på vestsida av Hardangerfjorden, grensar i nord mot Kvam kommune, og i vest mot Fusa kommune. Lukksund dannar grensa mot Tysnes kommune. På vestsida av Hardangerfjorden ligg elles Stord kommune som næraste nabo.

Kommunen har eit samla flatemål på 1137 km². Største øya er Varaldsøy med eit flatemål på 45,4 km². Vidare følgjer Halsnøy med eit flatemål på 38,0 km², Borgundøy på 11,1 km², Snilstveitøy på 6,6 km² og Fjelbergøy på 4,6 km².

Den indre delen av Kvinnherad («Indre luten» på folkemunne) er prega av eit vilt og mektig hardangerlandskap som strekkjer seg frå Folgefonna, Noregs tredje største isbre, og ut mot Hardangerfjorden. Fjellsidene er bratte, og endar somme stader i grøderike u-dalar, andre stader direkte i fjorden. Fleire vassdrag har sitt utspring oppe under breen og dannar imponerande fossar.

I den ytre delen av kommunen («Ytre luten» på folkemunne) overtar sunnhordlandslandskapet. Fjella er lågare, landskapet opnare og meir småkupert. Her finn ein eit mylder av idylliske vågar, sund og øyar.

På vestsida av Hardangerfjorden og på det meste av øyane finn ein eit småkupert og fruktbart skiferland med innslag av kalkrike bergarter. Her veks det mykje skog, mellom anna barlind og kristtorn. Berggrunnen på Folgefonnhalvøya er for det meste gabbro og granitt, men ytterst på halvøya er det innslag av skifer.

Det høgaste punktet i kommunen er ein topp på 1662 moh. på Folgefonna. Mellom dei høgste fjella elles er:

  • Gygrastolen (1350 moh.)
  • Melderskin (1426 moh.)
  • Veranut (1222 moh.)
  • Blådalshorga (1302 moh.)
  • Englefjell (1200 moh.)
  • Ulvenåsa (1247 moh.).

Kommunen har mange populære lakseelvar: Øyreselva, Austrepollelva, Bondhuselva, Æneselva, Melselva, Hattebergselva, Guddalselva, Blåelva, Omvikdalselva og Uskedalselva. Elles kan ein fiska etter laks og aure i utløpskanalen i Austrepollen, i utløpet frå kraftverket i Matre og i Furebergsfossen.

Arbeids- og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Husnesområdet med Sør-Norge Aluminium AS.

Næringslivet har tradisjonelt hatt sterk tilknyting til sjøen, med fiske, fiskeforedling og skipsbygging. Dei største verksemdene innan skipsbygging i dag er Umoe Scat Harding på Seimsfoss, Eide Marine Services i Høylandsbygd, Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen og Hellesøy Verft på Løfallstrand. Mange verksemder produserer elles utstyr og tenester for oljeindustrien.

Ei nyare næring knytt til sjøen er fiskeoppdrett. Langs Kvinnherad si lange sjøline er det etablert ei rekkje anlegg som driv med smoltproduksjon og oppdrett av laks. I lokala til den gamle hermetikkfabrikken på Sunde driv i dag eit av dei største lakseslakteria i fylket, Vikingfjord AS.

Også jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i Kvinnherad og er framleis viktige næringar.

Kvinnherad er ein stor produsent av vasskraft. Kraftstasjonane som ligg i Matre og blir drivne av Sunnhordland Kraftlag med hovudkontor på Stord. Og Mauranger kraftstasjon som drivne av Statkraft. To selskap distribuerer kraft, kommuneeigde Kvinnherad Energi i Dimmelsvik og medlemseigde Fjelberg Kraftlag med kontor på Sæbøvik.

Rikeleg og rimeleg vasskraft var avgjerande då Sør-Norge Aluminium AS på Husnes vart skipa i 1962. På Husnes var det i tillegg ledige areal og ein arbeidsstokk med lange industritradisjonar. Verket vart sett i drift hausten 1965, og etter dette voks folketalet i kommunen sterkt i ein periode. Mange nye verksemder starta opp som underleverandørar for aluminiumsbedrifta.

I dag er det tenesteytande næringar som aukar mest. Handelsnæringa på Husnes har hatt ein eksplosiv vekst. I 2009 opna Husnes Storsenter, som blir rekna som det største handelssenteret i Sunnhordland. På Husnes finst det elles fleire verksemder som yt tenester innan jus, arkitektur og prosjektering. Turistnæringa har hatt ei sterk utvikling. Rosendal er fremste turistmagneten, men elles er denne næringa viktig i mange delar av kommunen.

Fleire offentlege institusjonar i Kvinnherad utgjer viktige arbeidsplassar. Mellom dei større er Valen sjukehus, som er statleg eigd og ein del av Helse Fonna. Fylkeseigde Kvinnherad vidaregåande skule på Husnes er også ein av dei større arbeidsplassane. Det same gjeld den kommunale administrasjonen, som i hovudsak er lokalisert til Rådhuset i Rosendal. Viktige kommunale arbeidsplassar er også barnehagar, grunnskular og ungdomsskular, som i Kvinnherad har ein svært desentralisert struktur. Kvinnherad lensmannkontor hadde tidlegare hovudkontoret i Rosendal, men etablerte seg i 2010 i nye lokale på Husnes. På Husnes ligg også NAV-kontoret.

Tettstader og bygder[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har etter Statistisk sentralbyrå sin reknemåte åtte tettstader, størst er Husnes med 2254 innbyggjarar. På andreplassen følgjer Sunde og Valen som Statistisk sentralbyrå reknar som ein samanhengande tettstad (2061 innbyggjarar). Vidare følgjer Rosendal (928 innbyggjarar), Sæbøvik (830 innbyggjarar), Uskedal (735 innbyggjarar), Herøysund (420 innbyggjarar), Seimsfoss (362 innbyggjarar) og Dimmelsvik (231 innbyggjarar). (Alle tal frå 2009).

Dei fleste tettstadene i kommunen syner ein sterk vekst, trass i at samla folketal er nokolunde stabilt. T.d. voks innbyggjartalet på Husnes frå 1516 innbyggjarar i 1999 til dagens tal på 2254.

Kvinnheringar er likevel i like stor grad knytte til bygder som tettstader. Bygdene er stort sett det same som dei tradisjonelle skulekrinsane.

Folketal i skulekrinsane (bygdene)[1]
1990 2000 2010 2013
Ølve 464 483 429 435
Hatlestrand 442 433 391 418
Trå (Varaldsøy) 327 277 220 213
Mauranger 342 292 287 252
Løfallstrand 245 234 168 167
Malmanger (Rosendal) 1028 1105 1112 1064
Seglem (Seimsfoss) 414 392 345 351
Omvikdalen 752 716 699 763
Uskedalen 991 972 1025 1047
Bringedalsbygda 622 597 579 623
Husnes 2340 2412 2409 2655
Sunde 1057 1199 1147 1199
Valen 853 957 1016 1096
Skarveland (Sandvoll) 496 470 420 424
Holmedal (Utåker) 232 195 184 190
Matre 112 91 73 83
Baugstranda 82 57 48 38
Åkra 202 185 188 174
Sætre (Halsnøy Kloster) 693 687 700 715
Tofte (Sæbøvik) 756 797 689 740
Hauge (Høylandsbygd) 449 417 367 372
Fatland 105 95 88 99
Brekke (Fjelbergøy/Borgundøy) 140 126 105 119
Uoppgitt bustad 3 1 485 19
Sum 13143 13192 13174 13256

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kvinnherad kommunestyre består av 35 representantar. Formannskapet har 9 medlemmer.

Ordførarar i Kvinnherad[endre | endre wikiteksten]

  • 1995–2003: Aksel Kloster (Arbeidarpartiet)
  • 2003–2007: Bjarne Berge (Tverrpolitisk samlingsliste)
  • 2007–2015: Synnøve Solbakken (Arbeidarpartiet)
  • 2015–2019: Peder Sjo Slettebø (Høgre)
  • 2019–2021: Hans Inge Myrvold (Senterpartiet)
  • 2021–: Hilde Enstad (Arbeidarpartiet)

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Baroniet Rosendal med den vidgjetne rosehagen i framgrunnen.

Kulturaktiviteten er stor og mangslungen året rundt. Dei mange festivalane samlar store mengder folk både lokalt og utanfrå, med Rosendal Musikkfestival, Rosendal Mat & Kunstfestival, Festidalen i Uskedalen og Kvinnherad kulturfestival på Husnes som høgdepunkt.

Baroniet Rosendal har høgt aktivitetsnivå i turistsesongen med konsertar, kunstutstillingar, foredrag og teaterframsyningar ved sida av omvisningar på museet. Også Halsnøy Kloster skipar til konsertar, kunstutstillingar og andre aktivitetar. På Husnes ligg offisersbustaden Undarheim gard frå 1824. Den er kjøpt og restaurert av Sør-Norge Aluminium AS, og her blir det skipa til utstillingar, konsertar og seminar om ulike emne.

Galleri Guddal i Rosendal har jamlege kunstutstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar.

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Kvinnherad har to konkurrerande lokalaviser, Kvinnheringen med hovudkontor på Husnes og Grenda med hovudkontor i Rosendal. Begge blir redigerte på nynorsk. Kvinnheringen kjem ut måndag, onsdag og fredag og hadde i 2009 eit nettoopplag på 4502 aviser. Grenda kjem ut tysdag, torsdag og laurdag. Nettoopplaget i 2009 var på 2515 aviser. Begge er først og fremst papiraviser, men dei har også nettutgåver. Det er særleg Kvinnheringen som har satsa på nettutgåva. Andre regionale aviser med stoff frå Kvinnherad er Bergens Tidende, Bladet Sunnhordland, Haugesunds Avis og Hardanger Folkeblad.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kvinnherad er framleis svært avhengig av sjøvegs transport. Vi ser snøggbåten på veg inn til Sunde. Midt i biletet til venstre ser vi litt av Halsnøy, der ferjestøet Ranavik ligg. Bak Halsnøy ser vi Stord med trafikk-knutepunktet Leirvik, og heilt bakerst ruvar fjellet Siggjo på Bømlo.

Kvinnherad var, med unnatak av Ølve og Hatlestrand, fram til for nokre år sidan heilt avhengig av båt- og ferjesamband til omverda. Då Folgefonntunnelen mot Odda vart opna i 2001, fekk storparten av kommunen fastlandssamband mot aust og nord. Folgefonntunnelen er ein del av riksveg 551 mellom Austrepollen i Kvinnherad og Eitrheim i Odda. Den er 11 137 meter lang og er Noregs tredje lengste vegtunnel.

I mars 2008 vart Halsnøy knytt til fastlandet med ein undersjøisk tunnel til Sunde. Halsnøytunnelen er ein del av riksveg 544, er 4120 meter lang og når 135,5 meter under havet.

Hausten 2009 starta bygginga av den 10 400 meter lange Jondalstunnelen mellom Nordrepollen i Kvinnherad og Torsnes i Jondal. Denne tunnelen er ein del av fylkesveg 107 og vil saman med Folgefonntunnelen knyta saman dei tre kommunane Kvinnherad, Odda og Jondal. Jondalstunnelen er planlagt ferdig i 2012.

Trass i desse store tunnelprosjekta er kommunen framleis avhengig av ferjesamband mot vest og sør. Frå Årsnes går det ferje til Varaldsøy og Gjermundshamn, som begge ligg innanfor Kvinnherad kommune. Frå Ranavik på Halsnøy går det ferje til SkjersholmaneStord. I sør går det ferje frå Utåker og Matre til Skånevik i Etne. Øyane Fjelbergøy og Borgundøy har ferjesamband til Utbjoa i Vindafjord, Sydnes på Halsnøy og til Skjersholmane på Stord.

Det er snøggbåtsamband mellom Rosendal og Bergen og mellom Sunde, Ranavik og Leirvik. På kvardagar er det også snøggbåtsamband mellom Fjelbergøy, Borgundøy og Leirvik. Frå Leirvik går det snøggbåt vidare nordover mot Bergen og sørover mot Haugesund. På somme avgangar er Kystbussen eit alternativ til snøggbåten.

Dialekt og skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kvinnheradsdialekt.

Kvinnheradsdialekten, eller kvinnhersmålet, har nokre drag som er felles med andre dialektar på Sørvestlandet, nokre berre med dialektane i Sunnhordland, og nokre er spesielle for Kvinnherad.

  • Dialekten er eit utprega a-mål med a-endingar i infinitiv (å bera) og ei rekkje andre ordformer
  • O-endingar i bunden form, eintal, hokjønn (jento, solo) og i bunden form fleirtal, inkjekjønn (skipo, huso)
  • «Tjukke» lydar i ord som kådn (korn), bådn (born), fjedl (fjell), å fidna (å finna)

Innan kommunegrensene er det også ein del særdrag, t.d. den såkalla «vi-øya» i bygdene frå Løfallstrand til og med Uskedalen. Her brukar folk pronomenet vi, medan ein i resten av kommunen seier me. Dei delane av kommunen som høyrde til andre kommunar før grensereguleringa i 1965, har tradisjonelt hatt ein del særtrekk. I Åkra og på Utåker har dei fleirtal på -r, dei seier jenter og gutar, medan resten av kommunen seier jente og guta. På Fjelberg og Sydnes seier dei de (det), medan resten av kommunen seier da. På Halsnøy seier mange og (også) og ei som på Stord. Dei fleste kvinnheringar seier åg og nærmast æi. På Varaldsøy kan ein høyra ai, som samsvarar med hardangermål.

Dialektane i Kvinnherad er for tida i sterk endring, og det er som vanleg dei unge som endrar mest på målet. Det går mot ei regionalisering, dvs. at bygdedialektane nærmar seg folkemålet i nærliggjande sentrumsområde som Haugesund og Bergen. Industrisamfunnet Husnes, som har hatt stor innflytting frå andre delar av landet, har nok også medverka i denne leia. Trass i endringane held mange særmerkte drag ved dialekten seg godt, også mellom dei unge.

Nynorsk er offisielt administrasjons- og skulemål i Kvinnherad og har elles ei sterk stilling i folks medvit. Dei to lokalavisene blir redigerte på nynorsk, og mange private bedrifter brukar denne målforma både i forretningsbrev, annonsar og nettpublisering. Sør-Norge Aluminium AS brukte berre bokmål dei første åra, men no er verksemda svært bevisst på å bruka nynorsk når dei vender seg til lokalsamfunnet. Også Husnes Storsenter, med eigarar frå Kristiansand og ambisjonar om å trekkja til seg kundar frå store delar av fylket, har vedteke å bruka nynorsk.

Kommunenamn og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle uttalen av kommunenamnet er Kvi`dnhera. Eldre skriftformer er Kvennaherað (i ei fornaldersoge), Kvinnaherad (1366), Kwinherad (1400), Kuinherad (1405), Kuinhærad (1449), Qvinnaherred Skiprede (1453), Quinneheredh (1540) og Quinnherrit (1570).

Førsteleddet i namnet, Kvinn-, er ifølgje Oluf Rygh eit eldre namn på Hattebergselva og Melselva i den historiske hovudbygda Rosendal. Grunntydinga av Kvinn- er «noko todelt eller dobbelt», og det høver svært godt med at dei to elvane renn saman til ei elv like før dei når fjorden. Forma Kvinna- i dei eldste skrivemåtane av kommunenamnet må koma av Kvinnar-, som er genitiv hokjønn av Kvinn-. R-en er seinare slipt bort, kanskje etter påverknad frå r-en i andreleddet, meiner Rygh.[2]

Ein kjenner fleire nærskylde elvenamn der elva deler seg eller fleire elvar renn i hop. Garden Kvinge i Masfjorden ligg ved utløpet av to elvar som renn ut i same bukta. Garden TvinneVoss ligg ved ei elv som deler seg og sidan renn saman att. Same opphav har namna Kvinnhovden, ein todelt fjelltopp på Kvamskogen, og Tvinna, ei elv i Stryn kommune. Sophus Bugge meiner at Kving- kjem av det eldre Tvinng- og høyrer saman med den gammalnorske stamma tvinn-, som tyder «noko dobbelt».[3]

Det andre leddet i kommunenamnet, herad, tyder «bygd eller grend».[4]

Kommunevåpenet tek utgangspunkt i tydinga av kommunenamnet og symboliserer to elvar som renn saman til ei. Det er laga av Truls Nygaard etter eit utkast av Magnus Hardeland og er forma som eit blått gaffelkors med bølgesnitt mot ein sølvfarga bakgrunn. Kommunevåpenet blei godkjent i 1982.

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Kvinnherad har tre venskapskommunar:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvinnherad kyrkje i Rosendal, bygt ca. 1250.

Ut mot fjorden og skipsleia ligg det på mange nes i Kvinnherad ruvande gravrøyser. Arkeologane reknar med dei fleste av desse er frå bronsealderen (1500-500 år f.Kr.). Dei fortel om eit organisert, lagdelt samfunn med mektige kvinner og menn på toppen. Røysene kan vera 15-20 meter i tverrmål og 2-3 meter høge. Nokre stader er kista (av steinheller) som dei døde låg i, synleg. Mellom dei største gravrøysene er ei røys på Hamarhaug i Ølve, ei på Maurangsnes i Mauranger, to røyser ved nordsida av Kalvsundet utanfor Rosendal og to røyser på Bjellandsneset ved Sunde. Like aust for ferjekaien på Sydnes, med utsyn mot Skåneviksfjorden, ligg ei rekkje på 15 til dels store gravrøyser. Dette er ei av dei største samlingane av gravrøyser i fylket.

Frå bronsealderen finst også nokre fine døme på bergkunst. Særleg interessant er bergmålinga i Geithidleren på Årsand, måla i raudbrune, gulaktige og svarte fargar. Eit strålekransa solbilete dominerer, elles kan ein sjå hjulkrossar, ulike geometriske figurar og små, stiliserte menneskefigurar. På Hamarhaug er det funne ei helleristning med ei rekkje skip og nokre menneskefigurar. Det finst elles mange gravhaugar frå jernalderen. Desse ligg ikkje ut mot skipsleia, men i nærleiken av gardstunet, som til dømes haugane på Haugland i Uskedalen.

Eit av dei mest interessante båtfunna i Nord-Europa vart gjort i Toftevågen på Halsnøy i 1896. I ei myr vart det funne restar av ein trebåt som var sauma i bokstavleg forstand og dessutan utstyrt med keipar. Halsnøybåten er datert til rundt år 450 e.Kr. og syner ein viktig lekk i utviklinga av dei seinare vikingskipa. Dei svært godt bevarte detaljane, ned til det minste øksehogg, vitnar om eit høgt utvikla handverk. Restane etter båten er oppbevarte på Bergens Sjøfartsmuseum.

Det flottaste forhistoriske funnet i Kvinnherad er den såkalla vikingskatten på Hatteberg. Den vart funnen i bakken i 1932 og bestod av ein stor halsring av sølv, ein armring av gull og eit ringspenne (ei draktnål) av sølv. Gjenstandane er fint utførte, særleg ringspenna, som syner påverknad frå irsk smedkunst. Samla metallvekt er 105 gram gull og 600 gram sølv. Funnet er tidfest til 900-talet.

Eit fascinerande minnesmerke frå mellomalderen er ruinane etter Halsnøy kloster, som vart skipa i 1164 av Erling Skakke frå Etne. Klosteret åtte store jordeigedommar, hadde eige skipssamband med utlandet, og var frå 1350 rekna som eit av Noregs rikaste kloster. I dag er klosterruinen saman med eit mura herskapshus frå 1800-talet gjort om til museum og eigd av Sunnhordland Folkemuseum. Andre viktige minnesmerke frå mellomalderen er Ænes kyrkje og Kvinnherad kyrkje i Rosendal. Begge er bygde i stein. Altertavla i Holmedal kyrkje på Utåker er eit særs vakkert stykkje kyrkjekunst. Det er datert til slutten av 1400-talet og tillagt den kjende nordtyske kunstnaren Bernt Notke.

Baroniet Rosendal, Noregs einaste baroni, vart oppretta på garden Hatteberg i 1678 som bustad for den danske adelsmannen Ludvig Rosenkrantz og den norske kona hans Karen Mowatt. Sjølve slottet vart bygt alt i 1660-åra. Baroniet, som seinare vart gjort om til stamhus, rådde til liks med klosteret over mykje jordegods, og rundt 1870 vart det rekna som den største jordeigedommen i landet. Det meste av dette er no selt bort, og baroniet med parken rundt er blitt museum med Universitetet i Oslo som eigar.

I andre halvdelen av 1800-talet voks Sunde fram som eit av dei fremste industri-, handels- og kommunikasjonssentera i Sunnhordland. Her gjorde gründaren Haktor Thorsen på 1860-talet eit av dei første forsøka på hermetisk nedlegging av brisling. Saman med svigersonen Herman Valvatne bygde han opp ein større hermetikkindustri på Sunde, i 1914 overteken av Chr. Bjelland A/S frå Stavanger. På Sunde grunnla Hans Gravdal i 1892 eit treskipsverft som utvikla seg til eit av dei største i sitt slag i landet. Verftsarbeidarane skipa i 1936 Kvinnherads første fagforeining, «Sunde Jern-, Træ- og Metalarbeiderforening» og gjennomførte ein streik for betre løns- og arbeidsforhold. Også arbeidarane ved hermetikkfabrikken organiserte seg på denne tida, og med dette voks ei moderne arbeidarrørsle fram i kommunen. Både fabrikkanlegget med den høge fabrikkpipa og dei mange trehusa, mellom anna bakeri, butikkar, naust, bustadhus og eit lite båtbyggjeri, dannar i dag eit unikt strandstadmiljø på Sunde.

I tillegg til det som er nemnt finst det ei rekkje museum, eldre bygningar og anna som dokumenterer fortida. På Valen ligg eit av dei eldste kraftverka i Sunnhordland. Undarheim gard på Husnes var opphavleg ein staseleg offisersbustad, seinare budde forfatten Jonas Lie sin familie der, og etter det var det jenteskule og storgard. Kapteinsgarden på Fet i Uskedalen og Malmanger prestegard i Rosendal er andre minne etter embetsmannstida. Det same gjeld den gamle postvegen mellom Herøysundet og Ølfernes, som no er sett i stand som tursti. Langs denne vegen kan ein mellom anna studera mykje vakkert murarbeid. Den gamle bondekulturen blir dokumentert mellom anna på Bygdetunet Rød i Uskedalen og på bygdetun i Omvikdalen og Gjerde i Mauranger. Skaalurensamlinga, skipsbyggingsmuseet i Rosendal, syner den rike skipsbyggingstradisjonen i Kvinnherad.

Kjende personar frå Kvinnherad[endre | endre wikiteksten]

Ragnar Hovland på Bjørnsonfestivalen i 2006.
Foto: Eirik Newth

Litteratur om Kvinnherad[endre | endre wikiteksten]

  • Vaage 1972, Erling Vaage: Kvinnherad. Bygdesoga. Kvinnherad Bygdeboknemnd.
  • Haugland 1978, Andreas Haugland: Kvinnherskringlo. Gamle ord og ordtøke. Kvinnherad Mållag.
  • Tjelmeland 1997, Sjur Tjelmeland m.fl.: Da sto i aviso. Kvinnherad 1973-1997. Kvinnheringen, Husnes.
  • Nerhus 1955, Hans Nerhus: Frå Vikings tid til vår tid. Eit stykke vestnorsk skipsbyggingssoge. Gravdal Skipsbyggeri og Trelastforretning, Sunde.
  • Lea m.fl. 1916, Axel Lea m.fl.: Kvinnherad. Utgjevi med studnad frå kommuna. Bergen.
  • Sande 1995, Aasmund Taarn Sande: April til mai. Kvinnheringar i krig og okkupasjon..

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tala er publiserte i "Kvinnheringen" 20. januar 2014.
  2. Rygh 1910, s. 16f, O. Rygh: Norske Gaardnavne, ellevte bind, Søndre Bergenhus Amt. Bearbeidet af Magnus Olsen. Kristiania.
  3. Sandnes og Stemshaug 1997, s. 274, Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon, Samlaget, Oslo. ISBN 978-82-521-4905-0.
  4. Sandnes og Stemshaug 1997, s. 210.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Aviser og informasjon[endre | endre wikiteksten]

Idrett og sport[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Skular[endre | endre wikiteksten]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]