Hans Iversen Storeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Iversen Storeng
Fødd 29. januar 1847
Død

6. mars 1894

Yrke politikar

Hans Iversen Storeng (29. januar 18476. mars 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kvikne i Hedmark.

Storeng var son til ein gardbrukar. Han gjekk to vintrar på Sagatun Folkehøyskole, der han seinare var lærar. Frå 1876 var han gardbrukar på farsgarden. I 1880 skøytte han garden over på ein bror og kjøpte garden Brattbust i Kvikne, der han budde sidan. Han var ordførar i Kvikne frå 1877, forlikskommissær var han frå 1875.

Storeng representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1889-1894. Han var medlem av budsjettkomiteen i begge valperiodane. 1892-94 var han også medlem av Lagtinget. Grunna sjukdom vart han permittert 27. februar 1894. Ei veke seinare døydde han, framleis i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914