Hans Jakob Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Jakob Mathisen
Fødd 17. februar 1937
Fredrikstad

Hans Jakob Mathisen (fødd 17. februar 1937) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart hovudseriemeister med Fredrikstad Fotballklubb i 1960 og 1961 og noregsmeister 1961 og 1966. Forsvarspelaren spelte 5 landskampar for Noreg i åra 1959-61.

Mathisen, med kallenamnet «Jappen», deltok i Hovudseriefinalen 1956 som innbytar, ein kamp som enda med FFK-tap mot Larvik Turn. Sidan var han med å vinne hovudseriefinalane både i 1960 og 1961. Hausten 1961 vart han norsk meister då Fredrikstad vann cupfinalen mot Haugar med 7-0, derimot måtte han og FFK tole tap mot Lyn i NM-finalen 1963. Tre år seinare revansjerte FFK og Mathisen seg mot nettopp Lyn i cupfinalen 1966 og han vann sin fjerde pokal etter sigerssifra 3-2.

Mathisen spelte fem kampar på landslaget, ein i 1959, to i 1960 og like mange i 1961. Alle fem landskampane enda med norsk tap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]