Hans Rolfsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Rolfsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1820
Død

26. september 1893 (73 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Hans Jakob Rolfsen (14. september 182026. september 1893) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Hægebostad i Vest-Agder.

Rolfsen var son til ein gardbrukar på Eilefstad i Hægebostad. Han gjekk eit par år på ein privatskule i heimbygda, oppretta og driven av soknepresten. Deretter var han så på kontoret til futen i Farsund i tre år, og sidan ti år hos futen i Valdres. Frå i kring 1850 var han gardbrukar på Birkeland, til han i 1863 kjøpte garden Tingvatne i Hægebostad og busette seg der. Året før hadde han vorte lensmann i Hægebostad, ei stilling han hadde til han døydde. Rolfsen var medlem av heradsstyret i 30 år, ordførar 1856-63. Medlem av forlikskommisjonen 1872-81.

Rolfsen representerte Lister og Mandals amtStortinget frå 1857 til 1866. Han var medlem av budsjettkomiteen på alle dei ordinære tingsamlingane, sekretær 1865-66. Elles var han visesekretær i Odelstinget 1862-63 og på omframstortinget 1864, samt medlem av Lagtinget 1865-66.

Han døydde på garden sin, Tingvatne i Hægebostad, i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914