Hans Ross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Ross

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1833
Mandal kommune
Død

16. juli 1914 (81 år)
Christiania

Yrke lingvist, filolog

Hans Matthias Elisæus Ross (14. april 183316. juli 1914) var ein norsk teolog, ordbokredaktør, nynorskforkjempar og statsstipendiat frå Holum i Mandal.

Ross var presteson vart student i 1849 og cand.theol. i 1852. Han arbeidde som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland i 1856-1857, engelsk i England 1859-1860 og underviste i språk ved skular i Christiania.

Etter sitt fyrste møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross si livsoppgåve i å vidareføre og utvide Aasens ordboksverk. Frå 1867 til 1888 samla han ordtilfang, og han la vekt på å dokumentere orda i sin kontekst av setningsbygning og grammatikk. Hans hovudverk Norsk ordbog, tillæg til Norsk ordbog av Ivar Aasen, kom ut i hefte frå 1890 til 1895 med supleringshefte i 1902 og 1910.

Dialektprøvene til Ross vart publiserte som Norske bygdemaal i 17 band, 1905 - 1909. Det målpolitiske programmet hans kom til uttrykk mellom anna i Maalreisningen her hjemme, belyst fra utlandet (1878) og i Race. Nation. Sprog (1909).

Ross vart statsstipendiat i 1877, etter å ha hatt stipend nokre år før. Han var medlem av Vitenskapsakademiet frå 1892. Han var med og skipa Det Norske Samlaget i 1868 og var æresmedlem frå 1897. Han var ugift.

I 1934 vart Hans Ross' gate på Ila i Oslo oppkalla etter han.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon
  • Torleiv Hannaas «minneord» i For bygd og by, 1915 (fulltekst)