Hans Wiers-Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Wiers-Jenssen (fødd 25. november 1866 i Bergen, død 25. august 1925 i Bergen) var ein norsk forfattar, skodespelar, teaterregissør og teaterhistorikar. Hans Wiers-Jenssen var son av fargar Johan Jenssen og hustrua hans Elisa Magdalena Wiers. I 1894 gifta han seg med Rigmor Nicolowna Danielsen. Teatermannen Johan Henrik Wiers-Jenssen var sonen deira.

Som forfattar er Hans Wiers-Jenssen særleg kjent for teaterstykka Anne Pedersdotter (urpremiere på Nationaltheatret i 1908), som tek utgangspunkt i den sanne historia om prestekona som vart brunnen på bålet som heks i Bergen i 1590, og Jan Herwitz (urpremiere på Nationaltheatret i 1913, som kan reknast som ein bergensk folkekomedie. Danske Carl Th. Dreyer laga ein film basert på skodespelet Anne Pedersdotter; filmen hadde premiere i 1943 under tittelen Vredens dag. Det har òg vorte komponert to operaer over Wiers-Jenssens Anne Pedersdotter. Den første av dei to var den italienske La fiamma (1934), med libretto av Claudio Guastalla og musikk av Ottorino Respighi, det andre var den norske Anne Pedersdotter, med libretto av Hans Kristiansen og musikk av Edvard Fliflet Bræin. Denne operaen vart uroppført på Den norske operaen i 1971.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]