Hansjörg Kunze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hansjörg Kunze


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 28. desember 1959 (64 år)
Rostock
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1980 Summer Olympics – men's 5000 metres, athletics at the 1988 Summer Olympics – men's 5000 metres, athletics at the 1988 Summer Olympics – men's 10,000 metres

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Hansjörg Kunze (fødd 28. desember 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Rostock som representerte Aust-Tyskland i langdistanseløp.

Kunze sette europarekord på 5 000 meter i Rieti 9. september 1981. Med livsbeste 13.10,4 slo han samstundes Henry Rono frå Kenya, ein løpar som hadde dominert på distansen. Sidan tok Kunze bronsemedaljen i milløpet under VM i friidrett 1983, etter ein heseblesande innspurt der Alberto Cova kneip gullmedaljen og Werner Schildhauer sølvmedaljen. Fire år seinare vann Kunze i Roma på ny bronsemedaljen på 10 000 m i verdsmeisterskap. Sommaren 1988 sette han personleg rekord på mila med 27,26,0, oppnådd i Bislett Games i Oslo. Under Sommar-OL 1988 i Seoul sikra han seg enno ein bronsemedalje, då på 5 000 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]