Harald Dag Jølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Dag Jølle

Fødd28. juni 1971
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar

Harald Dag Jølle (fødd 1. januar 1971) er ein norsk historikar og fjellklatrar fødd i Lyngdal. Han er tilsett ved Norsk Polarinstitutt[1] i Tromsø som spesialist på polarhistorie, og i særleg historia til norsk polarforsking.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jølle leverte hovudoppgåva si i historie i 2000 ved Universitetet i Tromsø med tittelen «Hvorfor holder jeg eskimoen for stående over europæerne?» Kulturforskeren Fridtjof Nansen og «de arktiske andre», der han drøfta synet på sosialdarwinisme sett i lys av Nansen si polarforsking. Frå 1997 til 2002 var han redaksjonssekretær for Historisk tidsskrift. I 2001 vart han doktorgradsstipendiat ved Historisk institutt, seinare fusjonert til Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Frå 2000 til 2004 var han ein av initiativtakarane til, og engasjert i, prosjektet Norsk polarhistorie. Detta var eit tverrfagleg forskingsprosjekt som resulterte i trebandsverket Norsk polarhistorie, ei engelskspråkleg ettbindssamanfatting og nettstaden polarhistorie.no. Jølle var saman med Einar-Arne Drivenes hovudredaktøren for verket og dessutan forfattar av eit kapittel om tidleg etnografisk og kulturhistorisk forsking i polarområda.

Hausten 2011 kom han ut med første bind av ein biografi om Fridtjof Nansen, avgrensa til livet hans fram til 1912. Til skilnad frå tidlegare Nansen-biografiar la Jølle vekt på Nansen sine vitskaplege bidrag. Jølle vann Sørlandets litteraturpris for 2012 i kategorien sakprosa for boka Nansen. Oppdageren[2].

Jølle var ekspedisjonsdeltakar til Sørpolen 2011 saman med Vegard Ulvang, Stein P. Aasheim og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen følgde same rute som Roald Amundsen følgde i 1911–12, og nådde fram til polpunktet på dagen 100 år etter at Amundsen & Co nådde polen i 1911.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Nansen. Oppdageren, 2011. ISBN 9788205384187
  • «Polar prestisje og vitenskapelig ære. Fridtjof Nansens kamp for havforskning ved universitetet», Historisk tidsskrift 2009-4 s. 611–637
  • Into the Ice. The History of Norway and the Polar Regions internasjonal utgave av Norsk Polarhistorie. ISBN 978-82-05-36185-0
  • Robert Marc Friedman og Harald Dag Jølle: «Polhavets erobrer», artikkel i det populærvitenskapelige magasinet Levende Historie 2007-5
  • «Sosialdarwinisme som historisk forklaringsfaktor.» Historisk tidsskrift 1998 77: 197-208.
  • Harald Dag Jølle, Bengt Flygel Nilsfors (red) og Rune Sundelin (prosjektleder) Høyt i nord utgitt av Tromsø klatreklubb 1997 ISBN 82-994388-0-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. for Harald Dag Jølle på nettstaden til Norsk Polarinstitutt
  2. Eskelund, Esben Holm: «Ble tildelt Sørlandets litteraturpris» i Agderposten 23. april 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]