Haris Silajdžić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Haris Silajdžić
Haris Silajdzic.jpg
Fødd 1. oktober 1945
Sarajevo
Haris Silajdžić på Commons

Haris Silajdžić (fødd 1. oktober 1945) er ein bosnisk politikar som var den bosnjakiske representanten i det kollektive presidentskapet i Bosnia-Hercegovina frå 1. oktober 2006.

Silajdžić studerte historie i Priština i Kosovo. Seinare underviste han ved det same universitetet. I 1990 vart han med i toppleiinga i det hovudsakleg bosnjakiske Partiet for demokratisk handling (Stranka Demokratske Akcije - SDA), leia av Alija Izetbegović. Etter at SDA vann det første frie parlamentsvalet i Bosnia-Hercegovina i november og desember 1990 vart Silajdžić utanriksminister. Han fekk dermed jobben med å representera den bosniske regjeringa internasjonalt under den bosniske krigen som braut ut i 1992. Han var statsminister frå 1993 til 1995 og var med i den bosnjakiske delegasjonen som forhandla fram Dayton-avtalen som gjorde slutt på krigen, ein avtale han har vore ein sterk motstandar av sidan krigen.

Silajdžić braut med Izetbegović og melde seg ut av SDA i 1997, og grunnla sitt eige parti, Partiet for Bosnia og Hercegovina (Stranka za Bosnu i Hercegovinu). Han stilte til val som presidentkandidat ved valet i 2002, men vart slått av SDA sin kandidat, Sulejman Tihić. I 2006 stilte han til val igjen, med lovnad om å gjera slutt på delinga av landet i ein bosnisk-kroatisk føderasjon og ein serbisk republikk. Han vann valet, med 40,4 % av røystene mot 17,9 % for Tihić,[1] og vart bosnjakisk representant i det kollektive presidentskapet i Bosnia-Hercegovina.

I valet til ny bosnjakisk representant i presidentskapet, 3. oktober 2010, kom han på tredjeplass med 25,1 % av røystene og mista dermed plassen sin til Bakir Izetbegović.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]