Harry Alvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Alvær
Fødd25. februar 1882
Øksnes
Død9. september 1963 (81 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Harry Jonas Martinusson Alvær (25. februar 18829. september 1963) var ein norsk fiskeskipper frå Øksnes i Nordland som representerte Troms fylke og VenstreStortinget 1937-45.

Alvær var son til ein innvandra gardbrukar og fiskar frå Hamre prestegjeld i Hordaland. Han arbeidde sjølv som fiskar og brukar av heimegarden i Øksnes til om lag 1911-12. Alvær busette seg då i Torsken i Troms, der han, etter å ha teke kystskippereksamen ved Tromsø sjømannsskole i 1915, tok del i yrkeslivet som fiskeskipper.

Allereie frå 1913 var Alvær medlem i formannskapet i Torsken kommune. Han var ordførar 1923-28 og på ny i 1932-34. Gjennom åra hadde han ei rad kommunale og fylkeskommunale verv. Mellom anna var han formann i overlikningsnemnda i Torsken, og i Troms fylkes hamnekomite, den siste posisjonen vart han fjerna frå av det nazistiske styret. Elles var han formann i Gryllefjord Fiskarlag og forsikringsforeininga Sjøtrygd og styremedlem i Nord-Norges Fiskarfylking.

Nasjonalt var Alvær medlem i Den departementale komite om minstemål for klippfisk av 1926 og i Trålarkomiteen av 1936. Stortingsperioden 1934-36 var han fyrste varamann til Stortinget frå Troms fylke, møtte då på Tinget fem veker vinteren 1934 og sju veker vinteren 1936. Til 1936-valet stod Alvær øvst på Venstre-lista i fylket og fekk fast tingsete. Frå 1937 til 1945 var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]