Harry Dean Stanton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Dean Stanton
HarryDeanStanton-1.jpg
Stanton i 2006
Fødd 14. juli 1926(1926-07-14)
West Irvine i Kentucky i USA
Død

15. september 2017 (91 år)
Los Angeles i USA

Yrke Skodespelar, musikar, songar
Aktive år 1954–2017
Nettstad www.harrydeanstanton.org
Harry Dean Stanton på Commons

Harry Dean Stanton (14. juli 192615. september 2017) var ein USA-amerikansk skodespelar, musikar og songar.[1] I ein karriere som varte meir enn seks tiår, hadde Stanton roller i filmar som Cool Hand Luke (1967), Kelly's Heroes (1970), Dillinger (1973), The Godfather Part II (1974), Alien (1979), Escape from New York (1981), Christine (1983), Repo Man (1984), Pretty in Pink (1986), The Last Temptation of Christ (1988), Wild at Heart (1990), The Straight Story (1999), The Green Mile (1999), Alpha Dog (2006) og Inland Empire (2006). Han hadde ei sjeldan hovudrolle i Wim Wenders-filmen Paris, Texas (1984) og Lucky (2017), den siste filmen hans.

Han var ein favoritt hos regissørane Sam Peckinpah, John Milius, David Lynch og Monte Hellman, og var òg nær ven med Francis Ford Coppola og Jack Nicholson. Han var forlovaren til Nicholson i bryllaupet hans i 1962.[2]

I 2017, like før han døydde, var han òg med i Twin Peaks: The Return, der han gjentok rolla han hadde hatt som Carl Rodd i filmen Twin Peaks: Fire Walk with Me.

Utvalde filmar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Copley, Rich. «Lexington film festival honors Kentucky native Harry Dean Stanton». Lexington Herald-Leader. Arkivert frå originalen 2. februar 2011. Henta 25. september 2020. 
  2. «Harry Dean Stanton, ‘Big Love,’ ‘Twin Peaks’ Star, Dies at 91». Variety. Henta 23. september 2020. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 3,15 3,16 3,17 3,18 3,19 3,20 3,21 3,22 3,23 3,24 3,25 3,26 3,27 3,28 «Harry Dean Stanton». BFI. Henta 23. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harry Dean Stanton