David Lynch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Lynch

David Keith Lynch (fødd 20. januar 1946) er ein amerikansk filmregissør, fjernsynsregissør, biletkunstnar, musikar og stundom skodespelar, fødd i småbyen Missoula i Montana. Han har utvikla sin eigen unike filmstil, som på engelsk har blitt kalla «Lynchian», ein stil prega av draumeaktige bilete og nøye planlagd lyddesign. Dei surrealistiske, og i mange tilfelle valdelege, elementa i filmane hans har vorte kalla «forstyrrande, støytande eller mystiske».[1]

Han vart født i ein middelklassefamile og reiste i barndomen mykje rundt i USA før han studerte måling ved Pennsylvania Academy of Fine Arts i Philadelphia, der han først gjekk over til å skape kortfilmar. Han valte å satse for fullt på filmskaping, og flytta til Los Angeles, der han skapte den første filmen sin, den surrealistiske grøssaren Eraserhead (1977). Etter Eraserhead vart ein kultfilmnattkinoane, vart Lynch bede om å regissere The Elephant Man (1980), som han slo igjennom med. Han vart tilsett av De Laurentiis Entertainment Group, og lagde to filmar: den episke science-fiction-filmen Dune (1984), som både selde dårleg og fekk dårleg kritikk, og så ein neo-noir-krimfilm, Blue Velvet (1986), som vart kritikarrost.

Lynch laga så sin eigen fjernsynsserie med Mark Frost, det særs populære mordmysteriet Twin Peaks (1990–1991); og kinofilmoppfølgjaren Twin Peaks: Fire Walk with Me (1992). Han laga filmen Wild at Heart (1990) som var ein roadmovie og familefilmen The Straight Story (1999) i same perioden. I 1997 laga han den første av tre surrealistiske filmar med draumeaktig logikk og ikkje-lineær forteljarstil, Lost Highway (1997), ettefølgd av Mulholland Drive (2001) og Inland Empire (2006). Samstundes byrja Lynch å bruke Internett aktivt som medium, og produserte fleire nettbaserte filmar, som animasjonsfilmen Dumbland (2002) og den surrealistiske situasjonskomedien Rabbits (2002).

I løpet av karrieren sin har Lynch vorte nominert til Oscarprisen tre gongar[2] for beste filmregissør og ein gong for beste manus. Lynch har to gongar vunne den franske César-prisen for beste utanlandske film, samt Palme d'OrCannes Film Festival[3] og ein Golden Lion-pris ved Venezia filmfestival. Han har òg blitt offiser i den franske Æreslegionen, den øvste sivile æresprisen i Frankrike,[4]. I 2007 skildra The Guardian Lynch som «den viktigaste filmregissøren i denne vår tid».[5] Allmovie kalla han «renessansemannen i moderne amerikanske filmskaping»,[6] medan suksessen til filmane har gjort at han har blitt kalla «den første populære surrealisten».[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • "Ghost of Love" (2007)
  • "Good Day Today" / "I Know" (2010)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Film Oscar BAFTA Golden Globe Cannes Film Festival
Nominert Vann Nominert Vann Nominert Vann Nominert Vann
1977 Eraserhead
1980 The Elephant Man 8 7 3 4
1984 Dune 1
1986 Blue Velvet 1 2
1990 Wild at Heart 1 1 1 Palme d'Or Palme d'Or
1992 Twin Peaks: Fire Walk with Me 1 1 1 Palme d'Or
1997 Lost Highway
1999 The Straight Story 1 2 Palme d'Or
2001 Mulholland Drive 1 2 1 4 Palme d'Or Beste regissør
2006 Inland Empire

Kortfilmar[endre | endre wikiteksten]

År Film
1966 Six Men Getting Sick
1967 Absurd Encounter with Fear
1967 Fictitious Anacin Commercial
1968 The Alphabet
1970 The Grandmother
1974 The Amputee
1988 The Cowboy and the Frenchman
1990 Industrial Symphony No. 1
1995 Premonition Following An Evil Deed
2002 Darkened Room
2002 Dumbland
2006 Ballerina
2007 Absurda
2007 Boat
2007 Bug Crawls
2007 Industrial Soundscape
2007 Lamp
2007 Out Yonder Neighbor Boy
2007 Intervalometer Experiments
2008 Scissors
2010 Lady Blue Shanghai
2011 The 3 Rs

Fjernsynsseriar[endre | endre wikiteksten]

År Serie Episodar
1990–1991 Twin Peaks 30
1992 On the Air 7
1993 Hotel Room 3
2012 Louie 2

Nettbaserte seriar[endre | endre wikiteksten]

År Serie Episodar
2002 Rabbits 8
2002 Dumbland 8
Out Yonder
2009 Interview Project

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

År Song Musikar
1990 «Wicked Game» (filmversjon) Chris Isaak
1999 «Thank You Judge» David Lynch
1995 «Longing» X Japan
2009 «Shot in the Back of the Head» Moby
2010 «I Touch A Red Button Man» Interpol
2011 «Crazy Clown Time» David Lynch

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lynch and Rodley 2005. s. 245.
  2. charitybuzz (2012). «Have 3-Time Academy Award-Nominated Filmmaker David Lynch Review Your Screenplay in LA». charitybuzz. Charitybuzz Inc. http://www.charitybuzz.com/auctions/DavidLynchFoundation/catalog_items/311513. Henta 12. november 2012. 
  3. «Festival de Cannes: Wild at Heart». festival-cannes.com. http://www.festival-cannes.com/en/archives/ficheFilm/id/164/year/1990.html. Henta 12. november 2012. 
  4. «The Police Knighted In France: Filmmaker David Lynch Promoted to Officer in France's Legion of Honor». CBS News Online. October 1, 2007. 
  5. «40 best directors». The Guardian Online. 2007. Arkivert frå originalen den July 27, 2007. http://film.guardian.co.uk/features/page/0,11456,1082823,00.html. Henta 12. november 2012. 
  6. Ankeny, Jason. «David Lynch: Biography». Allmovie. http://www.allmovie.com/artist/david-lynch-100454. Henta 12. desember 2012. 
  7. Pauline Kael, quoted in Lynch and Rodley 2005. s. xi.