Hasard
Hasard, (frå fransk gjennom spansk azar, 'uheldig terningkast' frå arabisk az-zahr 'terningen' eller yasara 'han spela terning') viser til om sjansespel og risikoåtferd i generell tyding, og spesielt om pengespel der slump er avgjerande for utfallet.
I Noreg er det ulovleg å medverke til anna pengespel enn det som er tillate med heimel i Lov om pengespill.
I nokre land, som t.d. Monaco, er pengespel ei stor økonomisk verksemd.