Hasslö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hasslö
øy
Fiskarbodane i Hallarna i juli.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land  Sverige
Landskap Blekinge
Len Blekinge län
Kommune Karlskrona kommun
Koordinatar 56°07′N 15°29′E / 56.117°N 15.483°E / 56.117; 15.483
Areal 3,03 km²
Folketal 1 689 (31. desember 2020)  (31. desember 2010[1])
Kart
Hasslö
56°06′47″N 15°28′43″E / 56.1129298254°N 15.47867820316°E / 56.1129298254; 15.47867820316
Wikimedia Commons: Hasslö

Hasslö er ein tettstad og ei øy i Karlskrona kommun i Blekinge län i Sverige. I 2020 hadde tettstaden 1 689 innbyggjarar.

Hasslö er ein gammal fiskarkommune med fiskehamnene Hallarna og Garpen. Det er òg eit lite, tidlegare marineverft i Garpen, no reparasjonsverkstad for mindre fartøy.

Hasslö har om lag 1 600 fastbuande, og ytterlegare 1 000 vitjande i sommarmånadane. Øya vert ofte kalla «Vesle Hawaii» på grunn av klimaet og den store badeturismen frå Sverige, Tyskland og Danmark. Hasslö har bru til fastlandet og har utvikla seg til ein pendlerforstad til Karlskrona. Likevel opplever øya fråflytting, og mange av husa er i dag sommarhus for hovudsakleg svenske hytteeigarar.

Den svenske sosialdemokratiske diktaren og agitatoren Fabian Månsson (1872-1938) var fødd og oppvaksen på Hasslö, og ein statue av han er reist i sentrum. Hasslö har eiga kyrkje og ein årleg festival, Hasslödoppet, med sirkus og konsertar av tidvis kjende svenske band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tätorternas landareal, folkmängd och invånare per km2 2005 och 2010» (på svensk). SCB. 14 December 2011. Arkivert frå originalen 27. januar 2012. Henta 6. april 2012.