Hasund skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hasund skule
Hasund skule Hasundhornet.JPG
Hasund skule sett frå Hasundhornet.
FylkeMøre og Romsdal
KommuneUlstein
AdresseSundgot, 6065 Ulsteinvik
RektorOdd Nesse

Hasund skule er ein skule som ligg i Hasund skulekrins i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, om lag 7 minutt med bil frå sentrum. Butikken Straumane Handelslag held til rett attmed.

Skulen blei fyrst bygd ved brua over til Dimnøya i 1879 med eitt klasserom. Eit nytt og større klasserom blei bygd på i nordenden i 1908. Klasserommet målte 10 x 12 alen som er ca. 6,1 x 7,3 meter. Skulen blei bygd på nytt der han står i dag og stod ferdig 1954. Ein ny og større skule blei bygd like bak i 1991 og den gamle blei riven. På tomta til den gamle skulen i dag finst det ei basketballbane. Fotballbana har blitt til ballbinge for 2-3 år sidan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]