Haugbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oseberghaugen hadde vore opna lenge før utgravingane i 1904. Leivningane etter minst ein av dei hauglagde personane hadde då vorte teke or haugen og framstamnen på skipet hadde vorte hogge av.

Haugbrot er å grave seg inn i ein gravhaug (grav frå førkristen tid) for å take ut gjenstandar som vart lagt i grava i samband med jordfestinga av den avlidne, eller av andre årsaker. Nemninga haugbrot vert framfor alt nytta om slike innbrot som er gjort i gamal tid. Det er fleire omtalar av haugbrot i sogelitteraturen, og av dei kjende ubrende skipsgravene frå yngre jarnalder i Noreg har alle utom ei vore opna før arkeologane byrja å undersøkje dei i nyare tid.[1]

Arkeologar har funne at graver over heile Noreg har vore opna. Når det gjeld dei mindre gravene er ein teori at dei døde ved overgangen til kristendom og tilhøyrande ny gravskikk vart flytte til vigsla jord på kyrkjegardane av etterkomarane sine, for at dei skulle få ta del i den kristne frelsa.[2]

Ein har lite sikker kunnskap om når haugbrota i dei norske skipsgravene har skjedd, men haugbrota i Jellehaugen i Østfold og Haug 7 på Borrefeltet i Vestfold ser ut til å ha skjedd i vikingtida[1], og spadar haugbrytarane la att etter seg i Oseberghaugen er daterte til like etter 953, noko som legg haugbrotet til kring 120 år etter hauglegginga, som skjedde i 834.[3]

Haugbrot i sogelitteraturen[endre | endre wikiteksten]

Det er to ulike motiv som vert oppgjevne for haugbrota i sogelitteraturen. Det eine er å få slutt på at den hauglagde går att, og det andre er å tilrane seg makt og autoritet gjennom symbolgjenstandar frå haugen og sjølve haugbrotshandlinga.[1] Døme på det fyrste finn ein i Laksdøla der bonden Rapp vert attergangar. Han herjar så fælt at garden Rappstad vert lagd aude og folk finn at dei må grave han oppatt og ha han i haug langt avstad der verken fe eller folk pla ferdast. Likevel vert det ikkje heilt fred før dei grev opp også den nye grava hans, og brenn liket og hiv oska på sjøen.[4][1] Også i Grettla (Soga om Grette Åsmundsson) vert det fortald om ein attergangar.[1] Det gjeld Kår Gamle på Haramsøy som driv alle bøndene bortsett frå sonen Torfinn frå øya med attergangen sin.[5] Grette bryt seg inn i haugen og tek for seg av skattane der, men det finn ikkje Kår seg i og det vert kamp mellom Grette og Kår. Det endar med at Grette høgg hovudet av Kår. Det er fleire andre haugbrot skildra i sogene.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Frans-Arne Stylegar og Bjørn Bandlien (2010). ««Å rane de døde»». Sagaspor. Oslo: Andresen & Butenschøn Forlag. s. 23-25. ISBN 978-82-7594-245-3 Sjekk |isbn=-verdien: checksum (hjelp). 
  2. Jón Viðar Sigurðsson (1999). «Kongen vinn over høvdingen. 800-1130». Norsk historie 800-2000 : Norsk historie 800-1300 : frå høvdingmakt til konge- og kyrkjemakt. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 106. ISBN 8252151817. 
  3. Store Norske Leksikon: «Osebergfunnet»
  4. Laksdøla, eller Soga um laksdølene. Oslo: Samlaget. 1924. s. 34-59.  [Omsetjar: Stefan Frich]
  5. Norrøn saga: Grettes saga. 5. Oslo: Aschehoug. 1996. s. 44. ISBN 82-03-16010-7.  [omsett av Luvdig Holm-Olsen]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]