Haramsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haramsøya
Haramsøya sett frå fly. Tettstaden nærast er Austnes.  Foto: Eirik Solheim
Haramsøya sett frå fly. Tettstaden nærast er Austnes.

Foto: Eirik Solheim

Geografi
Norway - Haramsøya.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°33′53″N 06°12′53″EKoordinatar: 62°33′53″N 06°12′53″E

Areal 13,3 km²

Høgaste punkt Mannen (347 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Austnes

Demografi
Folketal 571 (2015)
Folketettleik 44 /km²

Haramsøya er ei øy i Haram kommune, på Ytre Sunnmøre i Møre og Romsdal, nord for Ålesund. Arealet er 13,3 km², og det høgaste punktet er Mannen på 347 meter over havet.

Største tettstad er Austnes med 389 innbyggere pr 1. januar 2015. Folketallet på øya er 571 (per 01.01.2016).

Øya har ferjesamband frå Austnes til Skjeltene (og Fylkesveg 651) på fastlandet og til Lepsøya i sørvest. Fv150 og Ullasundbrua gjev vegsamband til Flemsøya i nordaust.

Haramsfjorden ligg sørvest for øya, og Longvafjorden nordaust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Haramsøy» kjem av ein gard på sørsida av øya som på norrønt heitte Harhamarr, der første ledd kanskje er har, ’bratt vegg’ og siste ledd hamarr kjem frå ‘berghamar’. Seinare har dette blitt om til det som me i dag kjenner som Haram.[1]

Spor av busetting[endre | endre wikiteksten]

Det er blitt funne spor ved arkeologiske utgravingar som tyder på at det har vore busettingar på Haramsøya sidan bronsealder eller jernalder. I ein hellar på øya blei det funne ein hovudskalle som er datert rundt 2000 år tilbake i tid.[2] Menneska som levde her i denne perioden dreiv mest sannsynleg fiske og fangst, då det er funne restar av fiskeutstyr av bein i gravhaugar. Dei ytre øyane på Sunnmøre er kjend for å ha stor tettleik av funn av kulturminne og ein stor del av desse er gravminner, og Haramsøya er ingen unntak. Det er stor variasjon i gravminna på øya, frå store monumentale røyser som ligg enkeltvis i landskapet, til større gravfelt med mindre runde røyser. på Haramsøya er det lokalisert 13 gravfelt med til saman 167 gravminner, i tillegg til 12 enkeltrøyser.[3]

Haramsskatten[endre | endre wikiteksten]

Når det skulle nedsettast ein septiktank på arnfinngarden i bygda Haram i 1968, blei det funne ei grav som vart datert til eldre jernalder. Der septiktanken skulle nedsettast var det mykje rullestein, og etter ein del graving kom ein ned til ei 2*1 meter stor steinhelle som vart knust. Under denne steinhella vart det funne ei grav der den døde var lagt i ein bjørnefell, saman med gravgåver som drikkebeger av glas og spelebrikker av bein. I tillegg vart det funne eit stort romersk bronsefat og ei stor mengde gull. Gravgodset av gull bestod av ein armring, tre fingerringar og ein medaljong som avbilda keisar Constantinus II (regjerte 337-361) og keisar Valens (regjerte 364-378). Til saman 622,2 gram gull vart funne, noko som gjer funnet til det største gullfunnet frå 300-tallet i Nord-Europa.[4]

Vikingtid og første skriftlege kjelder[endre | endre wikiteksten]

Første kartografiske beskrivelse av Haramsøya.

Den første skriftlege kilden ein kjenner om Haramsøya, er frå den islandske sagaen «Grettes saga». Handlinga i sagaen er lagt til ca. år 800-1050, men sjølve sagaen er mogeleg skrive så seint som i 1320/1330. I kapittel 18-20 vert det beskrive at Grette strandar på ei øy på sunnmørskysten som på islandsk blir kalla Háramarsey. På øya er det ei stor busetting som blir styrt av ein høvding som heiter Thorfinn, son av Karr. Det blir også beskrive at Grette besøkte ein mann som heite Audun daglig. Audun budde på Vindheim, noko som er det gamle namnet på tettstaden Austnes på Haramsøya. Ein kan i dag vitje «grettehaugen» på Austnes, som skal være gravhaugen Grette plyndrar i sagaen.[5]

Dei første kartografiske kjeldene som omtalar øya, finn me i kartet «Norvegia Regnum» av den nederlandske boktrykkaren og kartografen Joan Blaeu frå 1659, der øya er teikna inn og beskriven som «Hamarö». I kartet «Royaume de Norwege» av Gillaume Sanson i 1668, har øya fått namnet «Haramsoe», som liknar meir på dagens namn.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen blei Haramsøya utsett for fleire flyangrep. I oktober 1944 blei Ulla fyrstasjon bomba av allierte fly, og den 10 januar 1945 blei to tyske minesveiparar angripne av britiske Baufighter-fly ved moloen på Haram. Den eine båten blir senka, medan den andre blir sterkt skada. I angrepet blei to fly treft av antiluftskyts og styrta. Mannskapa på fire mann omkom.[6] [7] Den 20. april 1942 styrta det eit britisk fly med britisk og kanadisk besetning i tjukk tåke ved Hestevollane på nordsida av øya, der det i dag er oppført eit minnesmerke.[8]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Samfunnet på Haramsøya er i stor grad oppbygd rundt jordbruk og industri. Eilert Sundt beskreiv i «Harham - et exempel fra fiskeri-distrikterne» at på 1850-tallet stod fiskebonden sterkt, og samfunnet var prega av tilreisande leiglendingar frå ulike delar av distriktet som ville drive landbruk i sommarhalvåret og fiske i vinterhalvåret.[9] I seinare tider har dette forandra seg, og samfunnet er i dag veldig tett knytt saman med Flemsøy/Skuløy. Dei fleste som er oppvaksne etter at Ullasundbrua mellom de to øyane blei opna i 1969, ser på det som eitt samfunn og éin plass. Dette ser ein på dei forskjellige laga og organisasjonane på øyane som har medlemmar på tvers av fjorden. Haramsøy skule ligg på øya, og er ein barne- og ungdomsskule som famnar trinna 1-10.[10]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

På den musikalske fronten har ein Haramsøy skulekorps som vart stifta i 1956, Nordøyane storband, og ein årleg musikkfestival på øya kalla Havgaprock. Ein har Gamlebanken fotoklubb, Nordøyane - naturens fargepalett som driv med kunstneriske inspirasjonmøte, Ving og KRIK, diverse velforeiningar som Ullafyrets venner, Seaside Custom for dei bilinteresserte, bibliotek og teater både for vaksne og barn i regi av UL Fram på Flemsøy.[11][12][13][14]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

På øya finn ei to organisasjonar som driv med organisert idrett. Den eine er Haramsøy/Nordøy FK og den andre er Haramsøy idrottslag. Haramsøy/Nordøy FK, eller HaNo FK er ein fotballklubb med fotballag for barn og vaksne frå 1.klasse til oldboys-nivå. Klubben er den klart største organisasjonen på øyene og driv året rundt. Klubben sitt hovudområde er fotball, men kvar sommar arrangerer klubben ein idrettsskule der born og unge kan delta på mange forskjellige aktivitetar som pil og boge, «mesternes mester», skyting, badminton, bryting, rebusløp osv. Klubben disponerer to grasbaner og ein kunstgrashall, slik at treninga kan ta innandørs om vinteren.[15]

Haramsøy idrottslag er den største tilretteleggaren for friluftslivet på øya. Idrettslaget har markert turløyper over heile øya, og har i 2016 bygd ei hytte på fjellet der ein kan grille og padle i kano på Stormyra. Idrettslaget driv også med arrangert barnetrim og seniortrim, øyamarsj, badminton, og driv òg treningsstudioet «kraftverket» på Austnes.[16][17]

I tillegg til dei to idrettslaga, er folkehelseområdet på Haramsøya eit nyleg oppretta område for å fremje helsa og legge til rette for trening for innbyggjarane på dei to øyane. Her kan ein finne ein ballbinge, utandørs treningspark med diverse kroppsvektapparat, bokseområde med boksesekk, diverse leikeapparat, minigolfbane, utandørssjakk, scrabble, fotballbiljard, utandørs bowling, klatrevegg, løpebane i grus, grillhytte og heilårs-hoppbakke, skateområde, oppmerka område til 60-meter og 100-meter sprint.[18][19]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet på Haramsøya er variert, der ein finn bedrifter som NorWest AS, Coop marked, Åkre reknskap, NL Austnes trevare, Barius og Kaktus pub, Ulla havsportsenter og sparebanken møre.[20][21][22]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Øya har i dei siste åra opplevd ei auke i turisme. Det er ingen marknadsføring av Haramsøya, så turistane finn ofte vegen ut på eigahand. Aktørane som driv med utleige av hytter og rom på øya er Sjur-Ola Sjøstover, Haramsøy Småbåtlag og Ulla havsportsenter. Haramsøya er en populær stad for friluftsliventusiastar og fotografar, då øya har ein veldig variert og rå natur med ein rik flora og fauna, forma av storhavet i vest.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Haram på Haramsøya, sett frå Tverrfjellet. Fjellet Mannen bak til høgre.

Naturen på Haramsøya er både geologisk og biologisk variert. Strandflata av øya er forholdsvis flat og har i dag eit stort preg av landbruk. På vestsida av øya frå Åkre til Haram finn ein det største landbruksområdet på øya, då denne sida av øya ber preg av ei stor strandflate av dyrka mark. Lengst nord på Haram finn ein Vestanvika naturvernsområde, som er ei rullesteinsstrand av høg verneverdi. Her er det mange sjeldne planteartar som er vanskelige å finne andre stadar i landet. På strekninga Haram-Ulla nedanfor fjellet Mannen, finn ein Lia, som er eit bratt, uberørt område som møter storhavet. Dette er eit hekkeområde av fuglefjellskarakter for mange fugleartar, deriblant vandrefalk, havørn, toppskarv, gråmåse osv. Det er også observert lundefugl i området. I nordvest ligg Ulla og kvernholmen. Dette er eit klippeområde der naturen er veldig rå og brutal. Det er det mest vêrharde området på øya, og her kan ein finne Ulla fyr. Opp frå strandflata strekker fjellet Mannen seg. Dei mektigaste stadane på fjellet er toppen Mannen, der ein har utsikt sør til Ålesund, Lepsøya, bygda Haram som ligg rett nedanfor, ut i storhavet, og i aust til Flemsøya, og Ullahornet, som er eit bratt nordvendt kystberg av stor verneverdi. Her har ein ei fantastisk utsikt ned til Ullahammaren, og ut til storhavet. Her kan ein også finne fjellformasjonen bjørnsonprofilen. Elles er det 4-5 sandstrender på øya, der dei to største og finaste finst på Ullahammaren og i Råvika på Ulla.[23]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Floraen på Haramsøya ber preg av kystklimaet. Over store delar av øya er det kystlynghei med forskjellige artar av lyng. Av skog er størsteparten lauvskogen hasselkratt. Dette finn ein både i Myskjaurene, på Åkre og på Haram. Av barskog finn ein store områder av sitkagran og furu som blei planta på Myskjafjellet, Håvika og Austnes på 50 og 60-tallet. Det mest interessante med floraen på Haramsøya er det store innslaget av oseaniske kystplantar. Det er store førekomstar av kystartar på øya, og spesielt i området Lia og Ullahornet er det funne sjeldne og viktige artar som den raudlista gulprikklaven, snønever, storblåfjør osv. Det er registrert fleire hundre arter på øya. På fjellplatået over øya ligg det også eit bakkemyrområde, og når det vart undersøkt på 70-talet vart det fastslått at området var av stor internasjonal verneverdi og blei ansett som et av dei finaste og viktigaste terrengdekkande myrområdet i Norge. Dette området var svært næringsrikt, og ein kunne finne sjeldne artar som raudsildre, reinlav osv. området blei dessverre øydelagt av jordbruk seint på 70 og starten av 80-talet. Ein kan finne store førekomstar av molte, tyttebær og blåbær over store delar av fjellet på øya.[24][25]

Bygda Ulla på Haramsøya. Ullahammaren nede ved sjøen, Flemsøya i bakgrunnen og Ullahornet til høgre i biletet.

Av fauna er det fuglelivet som er det mest nemneverdige. Av fugleartar er det registrert hubro, snøugle, grågås, skarv, toppskarv, ærfugl, gråmåse, tiur, gauk, diverse småfuglar, havørn, vandrefalk, teist, havhest, lunde, svartbak, hegre, diverse småfuglar osv. I 2016 er det observert fire hekkande par havørn. Av andre dyr er det ein stor flokk av hjort på øya, langs kystlinja er det mink, oter, steinkobbe, ulike artar av kval til ulike årstider, og at det på Ullaholmen beitar villsau.[24][24]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med sine 13,2 km² er Haramsøya ei av dei større øyane i øygruppa Nordøyane. I tillegg til sjølve øya, reknar ein Kroksholmane, Ullaholmen og Kvernholmen som en del av Haramsøya. Øya blir ofte delt inn i tre forskjellige bygder, som er Ulla, Austnes og Haram. Haramsøya er kjenneteikna av at ho er noko meir langstrakt enn dei andre øyene i området. Rundt det meste av øya går det ei lågtliggande strandflate som blir spesielt nytta til dyrka mark i bygda Haram som ligg på sørvestsida av øya. Denne strandflata går slakt oppover mot fjellplatåa Myskjafjellet, Tverrfjellet og fjellet Mannen. Her ligg også det høgste punktet på øya, på 347 m.o.h. Fjellplatået på Mannen blir nytta til dyrka mark.[26]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologien på Haramsøya består i hovudsak av ulike former av gneis. Den nordlege delen av øya er dominert av den metamorfe bergarten gneis, eller ullagneis. Denne gneisen er eit komplekst granittoid og kvartsdioritt med store førekomstar av ekoglitt. I den nordvestlege delen av bygda Haram finst eit felt av gabbro. Denne Haram-gabbroen frå seint proterozoikum vert delt inn i tre ulike typer, avhengig av krystallinhaldet. Vidare sørover på øya er det forskjellige forkastingslinjer som høyrer til Møre-Trøndelag forkasningssone. Dette er ein del av det kaledonske skyvedekket, noko ein spesielt ser på Åkre der det er store føreksomstar av mylonitt. På Austnes består berggrunnen av ulike granittoid med førekomstar av ekoglitt. Saman med bergartane som finst i store kvantum på øya, finner ein òg mindre årer av andre bergartar. På fjellvegen over Tverrfjellet er det funne en åre med fin, rosa marmor, og i dei særs tynne forkastningslinjene som går på tvers av øya, er det førekomstar av granatglimmerskifer, glimmerskifer med kyanitt og granat-amfibolitt.[27]

Av bergartar og sediment som ikkje er festa i grunnfjellet, er det ei strandlinje med morener og avsetningar som stammar frå maksimumet til tapestransgresjonen (ca. 5500-5000 f.Kr).[27]

Kjende personar frå Haramsøya[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende haramsøyingen er nobelprisvinnaren i medisin, Edvard Moser, som er ein norsk psykolog, hjerneforskar og professor i nevrovitskap ved Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).[28]

Fotballspelaren Joakim Austnes er ein annan kjent haramsøying som spelte for blant andre Aalesunds FK og Viking FK.

Haramsøya i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Haramsøya har vore innspelingsstad for minst tre ulike filmar: Nordlicht Rivalen im Nordmeer frå 1938, Liebe am fjord - Abschied von Hannah frå 2012 og den store hollywood-produskjonen The Danish Girl som hadde scener frå Haram og fjellet Mannen på Haramsøya frå 2015.[29][30][31][32]

Haramsøya fekk òg nasjonal merksemd på 90-talet for det store talet tvillingpar på øya, noko som vart dokumentert på Norge rundt på NRK.[33]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haram», Store norske leksikon, https://snl.no/Haram 
  2. http://www.smp.no/nyheter/2015/12/03/Arkeologisk-skalleglede-11884129.ece
  3. Asle Bruen Olsen og Camilla Zinsli (2009). «Arkeologisk sikringsgravning av gravrøys, id 16192, Haram gnr. 14, bnr. 16, Haramsøy, Haram kommune, Møre og Romsdal.» (PDF). 
  4. http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_moreogromsdal.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=110133&spraak_id=1&ptype=single
  5. http://sagadb.org/grettis_saga.en
  6. Skrede, Lars Inge (2015-05-08), «Her blir tyskerne angrepet på Sunnmøre», smp.no, http://www.smp.no/nyheter/reportasje/article10928236.ece 
  7. Luftkrigen på Sunnmøre: beretninger om militære og sivile hendelser 1940-1945 (norsk). Nytt i Ukas Forl. 1. januar 2006. ISBN 9788291024110. 
  8. «Hudson Hestevollane Haramsøy». ktsorens.tihlde.org. Henta 5. november 2016. 
  9. http://www.rhd.uit.no/sundt/bind3/eilert_sundt_bd3c.html
  10. «Haramsøy skule». haramsoyskule.no. Henta 5. november 2016. 
  11. «Ulla Fyr». www.ullafyr.com. Henta 5. november 2016. 
  12. «HaNo FK». hanofk.no. Henta 5. november 2016. 
  13. «Krik Nordøyane, Haramsøy - Gule Sider». www.gulesider.no. Henta 5. november 2016. 
  14. «Seaside Custom». www.seasidecustom.com. Henta 5. november 2016. 
  15. «HaNo FK». hanofk.no. Henta 5. november 2016. 
  16. «Haramsøy Idrottslag - Haramsøy - Se Regnskap, Roller og mer». www.proff.no. Henta 5. november 2016. 
  17. «Sikkerhetssjekk er påkrevet». www.facebook.com. Henta 5. november 2016. 
  18. «Sikkerhetssjekk er påkrevet». www.facebook.com. Henta 5. november 2016. 
  19. Hjelvik, Eirik Nesset, «Se, en hoppbakke (!) på Haramsøya», smp.no, http://www.smp.no/nyheter/nordre/article11204515.ece 
  20. «Haram». www.nor-west.no. Henta 5. november 2016. 
  21. www.hatlehols.no, Hatlehols AS,. «ULLA HAVSPORTSENTER». www.ullahavsportsenter.no. Henta 5. november 2016. 
  22. www.sbm.no/. «Haramsøy - Sparebanken Møre». www.sbm.no. Henta 5. november 2016. 
  23. «Haramsøy på kart». kart.gulesider.no. Henta 5. november 2016. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Jordal, J. B. & Holtan, D., 2005: Kartlegging av naturtypar i Haram kommune. Haram kommune, rapport. 117 s. + bilete og kart. ISBN 82-991046-2-9.
  25. Moen, A . 1984. Myrundersøkelser i Møre og Romsdal i forbindelse med den norske myrreservatplanen. K. norske Vidensk. Selsk. Mus. Rapp. Bot. Ser. 1984-5: 1-86.
  26. Haramsøya, Store norske leksikon, https://snl.no/Harams%C3%B8ya 
  27. 27,0 27,1 A tectonostratigraphic transect across the Scandinavian Caledonides, Storlien-Trondheim-Lepsøy. Part II, excursion guide in Norway, Norges geologiske undersøkelse, http://www.ngu.no/upload/Publikasjoner/Rapporter/2008/2008_064.pdf 
  28. http://www.universitetsavisa.no/forskning/article51292.ece
  29. http://www.imdb.com/title/tt2424084/
  30. http://www.imdb.com/title/tt0810819/locations?ref_=tt_dt_dt
  31. https://www.visitnorway.com/media/news-from-norway/movie-mountains-spark-danish-norwegian-rivalry/
  32. http://www.imdb.com/title/tt0136435/locations?ref_=tt_dt_dt
  33. https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/DHLN04002195#t=10m05s