Haugianerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Haugianerne»
Adolph Tidemand - Low Church Devotion - Google Art Project (9QGXjFzX4Caijw).jpg
KunstnarAdolph Tidemand
År1848
TeknikkOljemåleri
DimensjonarHøgd 147
PlasseringNasjonalgalleriet

Haugianerne er eit måleri av Adolph Tidemand som framstiller ei gruppe haugianarar som lytter til ein lekpredikant i ei stove.

Tidemand arbeidde med motivet frå 1845 til 1852, og det finst fleire versjoner av bildet. Ein teikning er datert 1845,[1] og måleriet er kjent i versjonar datert 1848, 1852 og 1865.[2] Nasjonalgalleriet eig eit av dei, Mandal museum, har stilt ut bildet frå 1865, medan Düsseldorfs kunstmuseum museum Kunst Palast har eit anna som dei fekk tak i som del av sin kontakt med elevane ved Kunstakademie Düsseldorf. Tidemand var elev ved akademiet då han måla bildet.

Haugianerne reprodusert som litografi i Norske Folkelivsbilleder frå 1854.

Bildet framstiller ei gruppe folk, til dels i norske folkedraktar, som er samla inne i ei årestove eller røykomnstove. Dei er opplyste av lys frå ein ljore. Ut frå tittelen forstår ein at den ståande mannen midt i bildet er ein lekpredikant knytt til haugianarrørsla, som var ei norsk kristen vekkingsrørsle tidleg på 1800-talet. I bildet vidareførar Tidemand ein sjanger som nyttar den strenge bildebygginga ein finn i tradisjonelt historiemåleri, på motiv henta frå folkelivet.[3]

Ein rekner med at mange av personane er måla etter tyske modellar; ein målarkollega frå Düsseldorf stod modell for predikanten.[3] Mannen i kubbestolen er Baard Olavson Mo frå Kvam i Hardanger som var ven av Tidemand og ein truande Haugianer. Tidemand måla også eit separat bilde av han, Sittende bonde.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haugianerne». digitaltmuseum.no. 
  2. Marit Lande. PÅ Adolph Tidemands tid. Ursus forlag, 2004. ISBN 82-996758-1-2
  3. 3,0 3,1 Haugianerne hos cappelendamm.no
  4. «Sittende bonde». digitaltmuseum.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]