Ljore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein ljore er ei lysopning i taket på gamle hus. Ljoren kan òg fungere som røykopning over åren i ei årestove eller tilsvarande for ein røykomn i ei røykstove. For å halde varmen inne og regn ute, kan ein dekke ljoren med ein skjå.

Etymologisk har ordet ljore samanheng med ordet ljos eller lys.

Ljoren vart avløyst av vindauge for å få inn ljoset og skorstein for å få ut røyken frå eldstaden, og i dag er hus med ljore sjeldne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]