Havyard Ship Technology

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Havyard Leirvik eller Havyard Ship Technology, tidlegare Løland Verft, er eit skipsverft i Hyllestad i Hyllestad kommune og har vore ei av dei viktigaste hjørnesteinsbedriftene i ytre Sogn i over 50 år.[1] I 2008 var det 700 personar tilsett ved skipsverftet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verftet vart skipa av brørne Løland frå Leirvik. I 1956 fekk Jonas Løland Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt. Løland bygde saman med Knut Wolff og Eivind Bekken den første slippen ved elvemunningen i Leirvik, og dreiv der vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar. I 1928 bygde Løland ny verkstad, slipp og kai på Indre Bø, kalla Løland Motorverkstad. I tillegg til verkstaden dreiv Løland med småkraftverk og produserte vassturbinar og regulatorar på verkstaden i lag med fleire av sønene, og leverte utstyr til kraftverk over heile fylket. To av sønene omkom i ei ulukke i slippen i 1927 og 1928. Dei laga òg kabelbanar for transport av tømmer og fabrikkmaskinar, mellom anna til Åsnes Skifabrikk og Helle Knivfabrikk.

Den første båten som vart bygd ved Løland Motorverkstad var MF «Loftesnesferja» i 1938. Ferja var ei kabelferje som hadde plass til fire bilar og vart dregen over Loftesnessundet i Sogndal fram til det vart bygd bru over sundet i 1958.

I 1950-åra vart det levert fleire fiskebåtar til norske reiarlag og i 1961 vart det levert båt til Island. Verksemda vart medlem i Vestlandske Fartybyggjarlag i 1955. Frå 1956 byrja verftet å levere fleire båtar og ferjer til Fylkesbaatane. Den første større ferja var MF «Bjørgvin», levert i 1962. I 1958 vart det bygd overbygg over beddingen på Bø.

Då Jonas Løland døydde i 1960 fekk verksemda namnet Løland Motorverkstad, Jonas Lølands Søner. I 1969 vart det aksjeselskap med nytt namn – Løland Verft A/S - med Magnus Løland som dagleg leiar.

Eit nytt skipsverft med overbygd tørrdokk og djupvasskai vart bygd på Kjørneset ved innløpet til Bøfjorden i 1975. Tørrdokka var større og kunne delast slik at ein både kunne byggje nye skip i den indre delen og reparere farty i den ytre delen. Anlegget vart meir enn dobbelt så dyrt som planlagt og Løland fekk økonomiske vanskar. Dette enda med konkurs i 1979. Magnus Løland skipa då i lag med Fylkesbaatane og Lølands-familien selskapet Kleven Løland A/S. Kleven Mek. Verksted eigde då 65 prosent, Fylkesbaatane 25 prosent og Løland-familien 10 prosent av aksjane. Kleven overtok aksjane til Fylkesbaatane i 1986 og i 1990 gjekk Kleven-gruppa inn i Kværner-konsernet. Verftet fekk då namnet Kværner Kleven Leirvik A.S.

Kværner-konsernet fekk økonomiske vanskar i 1999 og verftet i Leirvik vart seld til Havyard. Havyard Leirvik AS hadde i 2001 165 tilsette, men med store ordrar hadde verftet i 2008 kring 200 fast tilsette og 500 innleigde arbeidarar.

Havyard Leirvik byggjer for tida større fiskefarty og skip til petroleumsverksemda i Nordsjøen.

I 2011 vart namnet på skipsverftet i Leirvik endra til Havyard Ship Technology AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sogn og Fjordane fylkeslekiskon