Hawaiiskjorte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hawaiiskjorte eller aloha shirt

Hawaiiskjorte er ei fargerik, mønstra og typisk korterma skjorte med krage som stammar frå Hawaii. Skjortene er skorne rett nedst, og er meint å brukast utanpå bukser. Dei har gjerne brystlomme, der det er gjort stor flid i å passa på at mønsteret på lommen stemmer med mønsteret på stoffet bak.

Den fyrste avisannonsen for hawaiiskjorter, eller «Aloha Shirts» som dei blei kalla då, stod på trykk i avisene i Honolulu i  juni 1935. Det var den japanske skjortemakeren Musa-Shiya Shoten som stod bak.  På 1930-talet dukka det opp talrike versjonar av aloha-skjorta, særleg hjå japanske og kinesiske skjortemakarar på Hawaii.

Opphavleg blei hawaiiskjortene sydd av same stoff som japanske kvardagskimonoar, og hadde distinkte japanske mønster. Sidan skjortene blei meir og meir populære, byrja dei òg å få meir polynesiske motiv som palmar, kanoar, bølgjar og ananas.

Sjølv om aloha-skjortene opphavleg blei laga for den lokale marknaden, blei dei raskt populære blant amerikanske militære på øyane, både dei som var stasjonerte på Hawaii og dei som blei sende til øyane for å kvila ut etter andre verdskrigen og Korea-krigen. Soldatane tok skjortene med seg heim til fastlandet der dei blei populære minne.

Med masseturismen på 1950- og 1960-talet auka òg interessa for skjortene, som blei ein standard souvenir for turistane frå fastlandet. Hawaiiskjorta blei ein del av populærkulturen i etterkrigstida, og blei brukt av så vel legane i tv-serien MASH som av Elvis Presley på coveret av plata Blue Hawaii i 1961.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hawaiiskjorten». 23. juni 2016. Henta 15. oktober 2020.