Blue Hawaii av Elvis Presley
Blue Hawaii Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. oktober 1961 | |
Innspelt | 21. til 23. mars 1961 | |
Sjanger | Pop, hawaiimusikk | |
Lengd | 32:02 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Steve Sholes | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Something for Everybody (1961) |
Blue Hawaii | Pot Luck (1962) |
Singlar frå Blue Hawaii | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Rough Guides | [4] |
Blue Hawaii er det fjortande albumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor Records i mono og stereo den 20. oktober 1961.[5] Albumet inneheld filmmusikken som Presley spelte inn for filmen med same namn. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 21. til 23. mars 1961.[6] I USA låg albumet 20 veker på toppen av lista og 39 veker på topp 10 av Billboard Top Pop LPs-lista. Det selde til gullplate 21. desember 1961, platina og 2x platina den 27. mars 1992 og 3x platina den 30. juli 2002 hos Recording Industry Association of America.[7] Berre filmmusikken frå West Side Story var ein større suksess på den amerikanske Top Pop Albums-lista i 1960-åra.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]RCA og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, hadde først planlagt å gje ut eit filmmusikkalbum og eit vanleg album kvart år for Presley, i tillegg til fire singlar.[8] I samband med at filmen vart spelt inn på Hawaii, vart det lagt til element av musikk frå øygruppa, frå instrumenteringa til den tradisjonelle songen «Aloha 'Oe».[9] Tittelsporet vart teken frå Bing Crosby-filmen Waikiki Wedding frå 1937, og «Hawaiian Wedding Song» kom frå ein operette frå 1926.[10]
Songane «Can't Help Falling in Love» og «Rock-A-Hula Baby» vart gjevne ut på singel den 21. november 1961.[11] A-sida «Can't Help Falling in Love», som oftast avslutta konsertane til Elvis Presley i 1970-åra, nådde andreplassen på Billboard Hot 100, medan B-sida gjekk opp til 23. plassen.[12]
Albumet Blue Hawaii vart nominert til ein Grammy i 1961 i kategorien beste album med musikk frå film eller fjernsyn.[13]
Suksessen til filmen og føregjengaren G.I. Blues, som begge selde mykje meir enn dei to vanlege albuma til Presley på denne tida, Elvis Is Back! og Something for Everybody, sette standarden for resten av tiåret.[14] Parker og Presley fokuserte på filmkarrieren til Elvis, og gjennom 1960-åra vart det berre gjeve ut seks vanlege album og heile seksten filmmusikkalbum blant dei 27 filmane Presley spelte i og fjernsynsprogrammet hans frå 1968. Fem songar frå dette albumet kom ut i 1995 i filmmusikkboksen Command Performances: The Essential 60s Masters II: «Can't Help Falling in Love», «Rock-a-Hula Baby», «Blue Hawaii», «Hawaiian Wedding Song» og «Beach Boy Blues».[15]
Blue Hawaii kom ut på CD i 1997 og igjen i 2008. Den siste utgåva var ei luksusutgåve på Follow That Dream, med mange alternative opptak.[16]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley – solovokal
- The Surfers – korvokal
- The Jordanaires – korvokal
- Boots Randolph – saksofon
- George Field – munnspel
- Freddie Tavares, Bernie Lewis – ukulele
- Hank Garland, Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Scotty Moore – elektrisk gitar
- Alvino Rey – pedalsteelgitar
- Floyd Cramer – piano
- Dudley Brooks – piano, celesta
- Bob Moore – kontrabass
- D.J. Fontana, Bernie Mattinson, Hal Blaine – trommer
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalutgåve
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Blue Hawaii» | Leo Robin og Ralph Rainger | 22. mars 1961 | 2:36 |
2. | «Almost Always True» | Ben Weisman og Fred Wise | 22. mars 1961 | 2:25 |
3. | «Aloha 'Oe» | Queen Lydia Lili'uokalani | 21. mars 1961 | 1:53 |
4. | «No More» | Don Robertson, Hal Blair og Sebastián Iradier | 21. mars 1961 | 2:22 |
5. | «Can't Help Falling in Love» | George David Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore | 23. mars 1961 | 3:01 |
6. | «Rock-A-Hula Baby» | Ben Weisman, Fred Wise, Dolores Fuller | 23. mars 1961 | 1:59 |
7. | «Moonlight Swim» | Ben Weisman og Sylvia Dee | 22. mars 1961 | 2:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Ku-U-I-Po» | George David Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore | 21. mars 1961 | 2:23 |
2. | «Ito Eats» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 22. mars 1961 | 1:23 |
3. | «Slicin' Sand» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 21. mars 1961 | 1:36 |
4. | «Hawaiian Sunset» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 21. mars 1961 | 2:32 |
5. | «Beach Boy Blues» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 23. mars 1961 | 2:03 |
6. | «Island of Love» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 22. mars 1961 | 2:41 |
7. | «Hawaiian Wedding Song» | Al Hoffman, Charles King, Dick Manning | 22. mars 1961 | 2:48 |
1997-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Den 29. april 1997 gav RCA ut ei nymastra og utvida utgåve av albumet på CD. Spor 1-7 var sju songar frå side ein av den originale plata, og spor 8-14 var frå side to. Spor 15-22 var bonusspor som vart spelt inn under innspelinga, men ikkje tidlegare gjevne ut, utanom «Steppin' Out of Line» som kom ut på albumet Pot Luck with Elvis (1962).
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
15. | «Steppin' Out of Line» (opphavleg gjeven ut på Pot Luck With Elvis LP) | Ben Weisman, Fred Wise, Dolores Fuller | 22. mars 1961 | 1:53 |
16. | «Can't Help Falling in Love» (filmversjon) | George David Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore | 23. mars 1961 | 1:54 |
17. | «Slicin' Sand» (alternativt opptak 4) | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 21. mars 1961 | 1:45 |
18. | «No More» (alternativt opptak 7) | Don Robertson og Hal Blair | 21. mars 1961 | 2:35 |
19. | «Rock-A-Hula Baby» (alternativt opptak 1) | Ben Weisman, Fred Wise, Dolores Fuller | 23. mars 1961 | 2:15 |
20. | «Beach Boy Blues» (filmversjon) | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 23. mars 1961 | 1:58 |
21. | «Steppin' Out of Line» (filmversjon) | Ben Weisman, Fred Wise, Dolores Fuller | 22. mars 1961 | 1:54 |
22. | «Blue Hawaii» (alternativt opptak 3) | Leo Robin og Ralph Rainger | 22. mars 1961 | 2:40 |
Follow That Dream frå 2008
[endre | endre wikiteksten]Plate 1 | Plate 2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
Plassering
[endre | endre wikiteksten]År | Lister | Plassering |
---|---|---|
1961 | Billboard Pop Albums (Billboard 200) (mono og stereo) | 1 |
1962 | UK Albums Chart[17] | |
Billboard Pop Albums (Billboard 200) (mono og stereo) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Blue Hawaii (Elvis Presley album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 891. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 27. september 2016.
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 123. ISBN 1-84353-417-7.
- ↑ «Blue Hawaii». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 3. november 2016.
- ↑ Blue Hawaii av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta May 15, 2013. Merk: Søk på «Blue Hawaii»
- ↑ Jorgensen, op. cit. s. 180.
- ↑ The Queen's Songbook, av Her Majesty Queen Liliʻuokalani, Hui Hanai, Honolulu, 1999, s. 38-39
- ↑ Sources:
- «Bing Crosby films: 1930s (1937: Wakaki Wedding)». HLC Properties, Ltd and Bing Crosby Enterprises. Arkivert frå originalen 4. april 2016. Henta 3. november 2016.
- Neale, David (2011). «Elvis Presley: The Originals (Hawaiian Wedding Song)». Henta 3. november 2016.
- ↑ «Can't Help Falling in Love». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 3. november 2016.
- ↑ Blue Hawaii av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ «King for a Week». The 57th Grammys. The Recording Academy. 2015. Henta 3. november 2016.
- ↑ Jorgensen, op. cit. s. 164.
- ↑ Blue Hawaii av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ Sources:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Arkivert frå originalen 13. mars 2019. Henta 20. januar 2015.
- «Blue Hawaii». Elvispresleyshop. Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Henta 20. januar 2015.
- ↑ «Chart Stats – Elvis Presley – Blue Hawaii». chartstats.com. Henta 6. oktober 2016.