Hawija
| Hawija | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Kirkuk guvernement | ||
| Distrikt | Al-Hawija-distriktet | ||
| Høgd | 190 moh. | ||
| Koordinatar | 35°19′30″N 43°46′20″E / 35.32500°N 43.77222°E | ||
| Folketal | 100 000 | ||
| Tidssone | AST (UTC+3) | ||
![]() Hawija 35°19′24″N 43°46′26″E / 35.323249°N 43.7739944°E | |||
| Wikimedia Commons: Hawija | |||
Hawija (arabisk الحويجة, Al Hawyjah) er ein by i Al-Hawija-distriktet i Kirkuk guvernement i Irak, 45 km vest for Kirkuk, og nord for Bagdad. Byen har kring 100 000 innbyggjarar.
Under Irakkrigen vart amerikanske og irakiske styrkar utsette for fleire dødelege åtak i området frå opprørske sunni-muslimar. I mars 2006 vart området kring Hawija rekna som eit av dei farlegaste i heile Irak og amerikanske soldatar og utanlandske presse kalla området «det nordlege Anbar», som synte til den valdelege provinsen i Vest-Irak.
Etter Irakkrigen var det igjen store mengder vald i Hawija i april 2013 då den irakiske hæren støytte saman med sunni-muslimar under ein sunni-demonstrasjon. 53 menneske mista livet den første dagen, men etter ei veke med uro hadde 215 menneske mista livet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hawija» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2021.
