He's Sure the Boy I Love
He's Sure the Boy I Love Singel av The Crystals frå albumet He's a Rebel | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 1962 | |
Innspelt | Gold Star Studios, Los Angeles | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Philles | |
Låtskrivar(ar) | Barry Mann, Cynthia Weil | |
Produsent | Phil Spector | |
The Crystals-kronologi | ||
He's a Rebel 1962 |
He's Sure the Boy I Love | Da Doo Ron Ron 1963
|
«He's Sure the Boy I Love» er ein song frå 1962 av The Crystals. Songen vart opphavleg spelt inn av The Blossoms, men artistnamnet som vart sett på utgjevinga var The Crystals.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
I 1962 spelte The Blossoms inn «He's a Rebel» med Phil Spector. I staden for å The Blossom gav Spector ut songen under namnet til The Crystals utan å informere gruppa medan dei var på turné.[1] Etter at «He's A Rebel» vart ein hit, henta Spector The Blossoms attende for å spele inn «He's Sure the Boy I Love».[2]
Innspeling[endre | endre wikiteksten]
Medan The Crystals var på turné, spurte Phil Spector Darlene Love frå The Blossoms om å spele inn «He's Sure the Boy I Love». Etter å ha fått namnet fjerna frå «He's A Rebel», bas Love Spector om å gje ho ein kontrakt der ho skulle få tre cent per plate.[3] Songen vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i november 1962. The Wrecking Crew spelte eit arrangement laga av Jack Nitzsche, medan Larry Levine var lydteknikar.[4]
Utgjeving[endre | endre wikiteksten]
«He's Sure the Boy I Love» kom ut på The Crystals-albumet He's a Rebel og erstatta ein tidlegare song som opphavleg hadde vore på Twist Uptown.[5]
Kontrovers[endre | endre wikiteksten]
Då The Blossoms oppdaga at Spector igjen hadde fjerna dei som artistar frå ei innspeling, hamna Patsy Wright i ein konfrontasjon med Spector.[6] The Crystals vart òg sinte på Spector for at dei måtte syngje enno ein song på turné som ikkje var deira song. For å høyrast ut som Darlene Love, øvde førstevokalisten i The Crystals, La La Brooks, på introduksjon til «He's Sure the Boy I Love» med California-aksent.[5]
Salslister[endre | endre wikiteksten]
I februar 1963 nådde songen 18. plassen på Hot R&B Singles[7] og 11. plassen på Billboard Hot 100.[8]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «He's Sure the Boy I Love» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gaar, Gillian G. (2002). She's a Rebel: The History of Women in Rock and Roll (Expanded 2nd utg.). Seal Press. s. 42–43. ISBN 1580050786. Henta 21. februar 2018.
- ↑ Clemente, John (2013). Girl Groups: Fabulous Females Who Rocked The World. AuthorHouse. s. 39–40. ISBN 9781477276334. Henta 21. februar 2018.
- ↑ O'Brien, Lucy (2002). She Bop II: The Definitive History of Women in Rock, Pop and Soul (2nd utg.). Continuum. s. 70–71. ISBN 9780826472083. Henta 21. februar 2018.
- ↑ Phil Spector: Back To Mono 1958 - 1969, 4 CD box set, All Mother Bertha Music, 1991, liner notes
- ↑ 5,0 5,1 Clemente 2013, s. 142.
- ↑ Brown, Mick (2012). Tearing Down The Wall of Sound: The Rise And Fall of Phil Spector (Reprint utg.). A&C Black. ISBN 1408819503. Henta 21. februar 2018.
- ↑ «Hot R&B Singles». Billboard: 16. 9 February 1963. Henta 23. februar 2018.
- ↑ «The Hot 100». Billboard: 20. 16 February 1963. Henta 23. februar 2018.