Hebe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hebe

Hebe. Måleri frå ca. 1850 av Demeter Laccataris.
Opptrer iIliaden
Identifisert medJuventas
MorHera
FarZevs
EktefelleHerakles
BarnAlexiares, Anicetus

Hebe (gresk Ἥβη, Hēbē) var ungdomsgudinna i gresk mytologi. Ho var dotter av Zevs og Hera,[1] og blei gift med halvguden Herakles. Hebe var munnskjenk for gudane på Olympos.

Hebe serverte gudane nektar til å drikka og ambrosia til å eta, heilt til ho blei gift med Herakles. Etterfølgjaren hennar var den unge trojanske prinsen Ganymedes. Ho fylte også badet for Ares[2] og hjelpte Hera opp i vogna si.[3]

I Evripides sitt skodespel Heraklidene ('Barna til Herakles') innvilga Hebe ønsket til Iolaos om å bli ung igjen for å kunna kjempa mot Eurysthevs, han som påla Herakles oppgåva med dei tolv storverka. Hebe fekk to barn med Herakles: Alexiares og Aniketos, som var evig unge.[4]

Namnet «Hebe» kjem frå det greske ordet for «ung» eller «livets glans(tid)». Den romerske gudinna som tilsvara henne var Juventas.[5] Også latinske «Juventas» betyr 'ung', og går att i det engelske ordet juvenile, «ungdom», eller juvenil, som er noko brukt på norsk.

I kunsten er Hebe vanlegvis avbilda i lang kjole uten ermer. Ho blei også dyrka som ei gudinne for tilgjeving. Frigjevne fangar kunne henga lenkjene sine i heilage lundar i heilagdommen hennar på FliusPeloponnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesiod, Theogonien 921–922; Homer, Odysseen 11. 604–605; Pindar, Isthmian 4.59–60; Apollodorus, 1.3.1, og seinare forfattarar.
  2. Homer: Iliaden, 5.722.
  3. Homer: Iliaden, 5.905.
  4. Pseudo-Apollodorus: Bibliotheke, ii.7.7.
  5. Ovid skildrar ikkje ei sameining av Hera (Juno) og Hebe (Juventas); han opnar Fasti vi med ein disputt mellom Juno og Juventas der begge hevder å vera verna av månaden juni (tekst online)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hebe