Heckler & Koch HK416

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heckler & Koch HK416
Norsk soldat i Afghanistan, væpna med HK416.
HK USP pistol Kaliber 9 mm Parabellum.

HK416 er eit moderne automatgevær frå tyske Heckler & Koch (HK).

Våpenet er i bruk av Det norske forsvaret, amerikanske Delta Force og DEVGRU, og dessutan den taiwanske kystvakta. I tillegg har nokre amerikanske politityrkar teke det i bruk. HK416 i original utføring vert ikkje selt på den sivile marknaden. Eit konkurransevåpen avgrensa til halvautomatisk eld vert marknadsført som MR223 i Europa og MR556 i USA. Bortsett frå enkelte skilnader i avtrekkermekanismen og små endringar for å hindra bruk av heilautomatisk mekanisme i ei halvautomatisk rifle er riflene stort sett like.[1] MR223, og dessutan «storebroren» MR308 (som er ei sivil utgåve av HK417 kan i Noreg erverves til konkurranseskyting i regi av DSSN og NROF

I april 2007 bestilte Det norske forsvaret 8 200 gevær som arvtakar til AG-3. Dei vart utstyrt med optiske sikte frå svenske Aimpoint. Kontrakten på våpena var verd 100 millionar kroner, medan siktemidla kosta 50 millionar kroner.[2] Forsvaret innførte våpenet i 2008.

Modellar brukt i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • HK416N (D165RS) Rifle
  • HK416K (D10RS) Karabin
  • HK416S (D165RS) - særnorsk skarpskyttervariant av HK416N MOD2012, brukt av enkelte spesialenheter. Disse er merkt som ein vanleg HK416N når dei kjem landet og kjem frå same produksjonslinje som HK416N. Handplukka eksemplar som er meir presise enn gjennomsnittet vert valde ut for ombygging, N-en på magasinhuset vert slege kryss over, og ein S for skarpskyttar vert slege inn på sida. Riflene vert påsett eige skarpskyttarforskjefte, og eit Schmidt & Bender 1,5-6x42-kikkertsikte. I skarpskyttersatsen følgjer det med korte magasin på 20 skot, Harris 6-9"-tofot, og dessutan pusseutstyr og reim som på dei vanlege riflene.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2007-10-20. 
  2. Arkivert 19. april 2007 på Wayback Machine.
  3. Skytevåpen benyttet av Forsvaret etter 1859. 2014. ISBN 978-82-91218-63-2.