Heddal Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heddal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Heddal i Telemark. Laget vart stifta 23. november 1917 som I.L Heddal . Det endra namn til Heddal Idrettslag i 1947.[1] Heddal IL er aktivt med i fotball, ski og skiskyting, i tillegg til padeltennis.[2]

Heddal-laga spelar i knallraude drakter og svarte bukser.

Frå 1962 hadde Heddal IL ei bordtennisgruppe[1] som i 2009 braut ut og danna sitt eige lag.

Åra 1975,[1] 2006 og 2015 arrangerte Heddal IL delar av noregsmeisterskapen på ski.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fakta om oss – Heddal IL (på norsk bokmål), henta 10. mai 2024 
  2. Heddal IL – – (på norsk bokmål), henta 10. mai 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]