Heggurtunnelen

Koordinatar: 62°16′25″N 007°23′48″E / 62.27361°N 7.39667°E / 62.27361; 7.39667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austre opning av tunnelen nede til venstre i biletet. Muldalen og Muldalsfossen til høgre.

Heggurtunnelen er ein tunnel på Fv92 i Norddal kommune i Møre og Romsdal fylke. Tunnelen er ein del av vegsambandet til Tafjord, og går under eit svært bratt fjellparti på nordaustsida av Tafjorden. Gjennomslaget i den 5277 meter lange tunnelen var 30.oktober 1981, og den vart offisielt opna i 1982.[1]

Heggurtunnelen var den lengste tunnelen i Møre og Romsdal då han vart opna og var den lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg til reforma i 2010 då ei rad riksvegar vart overført frå staten til fylka. Den var òg ein av dei neste lengste vegtunnelane i Noreg berre slått av den samanbygde Haukelitunnelen og av Høyangertunnelen som opna same år.

Fjellet over Heggurtunnelen raste ut i 1934, og førte til ei flodbølgje som tok 40 menneskeliv. (Sjå Tafjord-ulukka).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Storfjordnytt 26.november 1999.

62°16′25″N 007°23′48″E / 62.27361°N 7.39667°E / 62.27361; 7.39667