Muldalsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muldalsfossen går i kløft og er såvidt synleg. Garden Muldal oppe på kanten, Tafjordvegen langs fjorden.

Muldalsfossen er ein foss ved Tafjorden i Norddal kommune. Fossen utgjer siste del av Muldalselva før den endar i Tafjorden. Totalt er fallet på omkring 200 m og dermed ein av dei høgaste fossane på Sunnmøre (fallhøgda er usikker på grunn av vanskeleg tilgang). Det at fossen går i ei djup kløft gjer måling vanskeleg. Welle-Strand (1988) skriv at fossen er 500 meter «lang» med eit fall på 320 meter, av dette 60 meter loddrett.[1] Vatne (2013) skriv at fossen har eit fall på omkring 180 meter.[2]. Vollan (1967) oppgir at Tafjord Kraft i 1957 kjøpte «resten av fallrettighetene» med ei fallhøgd på 170 meter frå Ålesund kommune. Rettane til den «nederste delen» av fossen var kjøpt saman med rettane til Tafjordvassdraget.[3] Carl Hanns Pollog (1935) oppgir samla fall til 150 meter.[4]

Tafjordvegen passerer i bru over utosen ved fjorden. Muldalselva er regulert og vatnet blir nytta til eit av kraftverka til Tafjord Kraft slik at det ikkje er full vassføring i fossen. Ålesund kommune selde fallrettane til Tafjord kraftselskap i 1957. Då Ålesund kommune tidlegare overtok fossen var namnet «Keiser Wilhelms foss» til minne om den tyske keisaren brukt. Mellom anna Den norske turistforening stønad til skikkeleg veg til platået der Muldalsgardana ligg og fossen byrjar.[5][6] Ålesund-Sunnmøre Turistforening vart skipa i 1889 og fekk alt i 1890 stønad frå DNT til bygging av veg til utsiktsplatået ved fossen.[7] Kristofer Randers kalla fossen «Søndmøres prægtigste vandfald».[8]

Muldalsfoss er et af Søndmøres mærkeligste vandfald. Fossen styrter sig straks nedenfor en liden bro over elven ned i en trang og dyb kløft, tildels med udoverludende vægge. Kløften fortsætter lige ned til fjorden og er på den hele strækning smal og gaar i idelige bugtninger. Man kan fra sjøen kun se den øverste del af fossen, som er utilgjengelig fra den kant. Man kan se fossen ovenfra ved at gaa ud paa en skrænt straks nedenfor broen. Fossen sees bedst ved at følge en af Turistforeningen anlagt vei paa kløftens høire (vestlige side) ned til det sted foran fossen, hvor der er anlagt rækværk.

Amund Helland (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt.[9]

I 1995 omkom ein fotturist då han fall om lag 180 meter til botn av fossen.[10] I 2017 omkom ein tysk turist då han fall om lag 200 meter i fossen.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Welle-Strand (1988): De tusen fossers land, Oslo
  2. Vatne, Steinar (2013): Muldalsgardane og Muldalsætra i Tafjord. Biologisk mangfold og forslag til skjøtselstiltak. Økolog Vatne Rapport 1-2013
  3. Vollan, Odd (1967): Tafjord kraftselskap 1917-1967. Utgitt i Ålesund.
  4. Pollog, Carl Hanns (1935): Ein Stiefkind der physischen Geographie. Geografiska Annaler, 17: 110-120.
  5. Furseth, Astor (1991): Den løynde fossen. Årbok for Norddal. Norddal mållag.
  6. Welle-Strand (De tusen fossers land, Oslo, 1988) skriv at fossen er 500 m "lang" med eit fall på 320 m, av dette 60 m loddrett.
  7. Fjellposten nr 2, 2013.
  8. Randers, Kristofer (1890): Søndmøre, reisehaandbog. Kristiania: Cammermeyer.
  9. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug.
  10. Aftenposten 15. juli 1995.
  11. «Søket etter mannen som skal ha falt i Muldalsfossen fortsetter». NRK. 10. juli 2017. Henta 10. juli 2017.