Heian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Heian var ein periode i japansk historie frå 794 til 1185.[1] Dette var den siste perioden av klassisk japansk historie, og låg mellom Nara-perioden og Kamakuraperioden. Perioden har namn etter hovedstaden Heian-kyō, som i dag heiter Kyōto. «Heian» (kanji: 平安時代; kana へいあんじだい; Heian jidai) betyr fred, ro'.

Heiantida var ein relativt fredeleg og stabil periode som blei ein gullalder for japansk kunst og litteratur. Dette var den perioden i japansk historie då buddhisme, daoisme og andre påverknader frå kinesisk kultur nådde eit høgdepunkt. Heian-perioden er også rekna som høgdepunktet for det japanske keisarhoffet, og er blitt kjent for kunsta si, særlig for poesi og litteratur. Mellom dei mange forfattarane frå Heian-perioden, kan ein nemne Ono no Komachi, Izumi Shikibu, Shikibu Murasaki (som skreiv den vidgjetne Genji-soga) og Sei Shōnagon.[2]

I 784 blei hovudstaden i landet flytta til Nagaoka-kyo i Kansai-regionen. Etter berre 10 år blei houvdstaden flytta igjen, denne gongen til Heian-kyo. Dette gav namn og startskot til perioden. På denne tida var hoffadelen, kuge, den leiande klassa. Kring år 1000 byrja krigarklassen bushi og deira adel, buke, å få større tyding. Sjølv om keisarane på overflaten hadde makta, låg den reelle makta i hendene til den mektige Fujiwara-klanen, som hadde gifta seg inn i keisarfamilien. Mange keisarar hadde mødrer frå Fujiwara-klanen.[3]

I Heiantida var det vanleg at keisarar trekte seg attende allereie som unge, overgav keisartittelen til ein umyndig arving og deretter regjerte på vegner av den umyndige keisaren. Keisarar som hadde trekt seg tilbake og verka som regentar blei kalla insei. Etter at Taira eliminerte eit framståande medlem av Minamoto-familien i Vest-Japan i 1108 var dei blitt framståande tenarar for inseiane, og fleire keisarar frå denne tida var av Taira-slekt.

Då ein insei døydde i 1156 oppstod det ein maktkamp mellom Taira og Minamoto. Den eine familien, med støtte frå keisarlege styrkar, var leia av Taira no Kiyomori. Den andre familien var leia av Minamoto no Tameyoshi. Dei utkjempa Hogenkrigen, og Kiyomori sigra. Ein av sønene til Tameyoshi, Minamoto no Yoshitomo, hadde gått over til Taira si side i krigen, men blei misnøgd med løna si og erobra vinteren 1159/1160 hovudstaden. Han blei likevel snart nedkjempa av Kiyomori i det som er blitt kalla Heijikrigen. Minamoto-familien blei fordriven til Kantoregionen, der dei hadde dei viktigaste eigedommane sine.

Herskarar[endre | endre wikiteksten]

Keisarar[endre | endre wikiteksten]

# Regjeringsperiode Portrett Posthumt namn Personleg namn (imina) Merknad
50 781–806 Emperor Kammu large.jpg Kammu Yamabe (Yamatoneko Amatsu Hitsugi Iyaderi no Mikoto) Tradisjonelle datoar.[4]
51 806–809 Noimage.png Heizei Ate (Yamatoneko Ameoshikuni Takahiko no Mikoto) Tradisjonelle datoar.[5]
52 809–823 Emperor Saga large.jpg Saga Kamino Tradisjonelle datoar.[6]
53 823–833 Noimage.png Junna Ōtomo Tradisjonelle datoar.[7]
54 833–850 Noimage.png Ninmyō Masara Tradisjonelle datoar.[8]
55 850–858 Emperor Montoku.jpg Montoku Michiyasu Tradisjonelle datoar.[9]
56 \858–876 Emperor Seiwa.jpg Seiwa Korehito Tradisjonelle datoar.[10]
57 876–884 Hyakuninisshu 013.jpg Yōzei Sadaakira Tradisjonelle datoar.[11]
58 884–887 Tennō Kōkō.jpg Kōkō Tokiyasu Tradisjonelle datoar.[12]
59 887–897 Emperor Uda large.jpg Uda Sadami Tradisjonelle datoar.[13]
60 897–930 Emperor Daigo.jpg Daigo Atsuhito Tradisjonelle datoar.[14]
61 930–946 Taira no Masakado detail.jpg Suzaku Yutaakira Tradisjonelle datoar.[15]
62 946–967 Emperor Murakami.jpg Murakami Nariakira Tradisjonelle datoar.[16]
63 967–969 Noimage.png Reizei Norihira Tradisjonelle datoar.[17]
64 969–984 Noimage.png En'yū Morihira Tradisjonelle datoar.[18]
65 984–986 Tennō Kazan detail.jpg Kazan Morosada Tradisjonelle datoar.[19]
66 986–1011 Emperor Ichijō.jpg Ichijō Yasuhito/Kanehito Tradisjonelle datoar.[20]
67 1011–1016 Hyakuninisshu 068.jpg Sanjō Okisada/Iyasada Tradisjonelle datoar.[21]
68 1016–1036 Noimage.png Go-Ichijō Atsuhira Tradisjonelle datoar.[22]
69 1036–1045 Noimage.png Go-Suzaku Atsunaga/Atsuyoshi Tradisjonelle datoar.[23]
70 1045–1068 Noimage.png Go-Reizei Chikahito Tradisjonelle datoar.[24]
71 1068–1073 Noimage.png Go-Sanjō Takahito Tradisjonelle datoar.[25]
72 1073–1086 Noimage.png Shirakawa Sadahito Tradisjonelle datoar.[26]
73 1087–1107 Noimage.png Horikawa Taruhito Tradisjonelle datoar.[27]
74 1107–1123 Emperor Toba.jpg Toba Munehito Tradisjonelle datoar.[28]
75 1123–1142 Emperor Sutoku2.jpg Sutoku Akihito Tradisjonelle datoar.[29]
76 1142–1155 Noimage.png Konoe Narihito Tradisjonelle datoar.[30]
77 1155–1158 Emperor Go-Shirakawa2.jpg Go-Shirakawa Masahito Tradisjonelle datoar.[31]
78 1158–1165 Nijotenno.jpg Nijō Morihito Tradisjonelle datoar.[32]
79 1165–1168 Noimage.png Rokujō Yorihito Tradisjonelle datoar.[33]
80 1168–1180 Emperor Takakura.jpg Takakura Norihito Tradisjonelle datoar.[33]
81 1180–1185 Emperor Antoku.jpg Antoku Tokihito Tradisjonelle datoar.[34]

Regentar[endre | endre wikiteksten]

Sesshō Kampaku Periode Keisar
Fujiwara no Yoshifusa.[35] 858 – 872 Seiwa
Fujiwara no Mototsune 872 – 880 Seiwa, Yōzei
Fujiwara no Mototsune 880 – 890 Yōzei, Kōkō, Uda
Fujiwara no Tokihira 909[36] Daigo
Fujiwara no Tadahira 930 – 941 Suzaku
Fujiwara no Tadahira 941 – 949 Suzaku, Murakami
Fujiwara no Saneyori[37] 967 – 969 Reizei
Fujiwara no Saneyori 969 – 970 En'yū
Fujiwara no Koretada 970 – 972 En'yū
Fujiwara no Kanemichi[38] 972 – 977 En'yū
Fujiwara no Yoritada 977 – 986 En'yū, Kazan
Fujiwara no Kaneie 986 – 990 Ichijō
Fujiwara no Kaneie 5. mai (månekalenderen) 990 – 8. mai 990 Ichijō
Fujiwara no Michitaka 8. mai, 990 – 26. mai 990 Ichijō
Fujiwara no Michitaka 990 – 993 Ichijō
Fujiwara no Michitaka 993 – 995 Ichijō
Fujiwara no Michikane April 28, 995 – May 8, 995 Ichijō
Fujiwara no Michinaga 1016 – 1017 Go-Ichijō
Fujiwara no Yorimichi 1017 – 1019 Go-Ichijō
Fujiwara no Yorimichi. 1020 – 1068 Go-Ichijō, Go-Suzaku, Go-Reizei
Fujiwara no Norimichi 1068 – 1075 Go-Sanjō, Shirakawa
Fujiwara no Morozane 1075 – 1086 Shirakawa
Fujiwara no Morozane 1086 – 1090 Horikawa
Fujiwara no Morozane 1090 – 1094 Horikawa
Fujiwara no Moromichi 1094 – 1099 Horikawa
Fujiwara no Tadazane 1105 – 1107 Horikawa
Fujiwara no Tadazane 1107 – 1113 Toba
Fujiwara no Tadazane 1113 – 1121 Toba
Fujiwara no Tadamichi 1121 – 1123 Toba
Fujiwara no Tadamichi 1123 – 1129 Sutoku
Fujiwara no Tadamichi 1129 – 1141 Sutoku
Fujiwara no Tadamichi 1141 – 1150 Konoe
Fujiwara no Tadamichi 1150 – 1158 Konoe, Emperor Go-Shirakawa
Konoe Motozane 1158 – 1165 Nijō
Konoe Motozane 1165 – 1166 Rokujō
Fujiwara no Motofusa 1166 – 1172 Rokujō, Takakura
Fujiwara no Motofusa 1172 – 1179 Takakura
Konoe Motomichi 1179 – 1180 Takakura
Konoe Motomichi 1180 – 1183 Antoku
Matsudono Moroie 1183 – 1184 Antoku
Konoe Motomichi 1184 – 1186 Antoku, Go-Toba

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Heian period". Encyclopædia Britannica. Henta 2007-04-24.
  2. Hirshfield, J. (1990). «Introduction». The Ink Dark Moon: Love Poems by Ono no Komachi and Izumi Shikibu, Women of the Ancient Court of Japan. New York: HarperCollins. s. xix. ISBN 978-0679729587. 
  3. F. W. Seal, Heian Period Court and Clan
  4. Titsingh, s. 86
  5. Brown, s. 279–280; Varley, s. 151; Titsingh, s. 96–97.
  6. Brown, s. 280–282; Varley, s. 151–164; Titsingh, s. 97–102.
  7. Brown, s. 282–283; Varley, s. 164; Titsingh, s. 103–106.
  8. Brown, s. 283–284; Varley, s. 164–165; Titsingh, s. 106–112.
  9. Brown, s. 285–286; Varley, s. 165; Titsingh, s. 112–115.
  10. Brown, s. 286–288; Varley, s. 166–170; Titsingh, s. 115–121.
  11. Brown, s. 288–289; Varley, s. 170–171; Titsingh, s. 121–124.
  12. Brown, s. 289; Varley, s. 171–175; Titsingh, s. 124–125.
  13. Brown, s. 289–290; Varley, s. 175–179; Titsingh, s. 125–129.
  14. Brown, s. 290–293; Varley, s. 179–181; Titsingh, s. 129–134.
  15. Brown, s. 294–295; Varley, s. 181–183; Titsingh, s. 134–138.
  16. Brown, s. 295–298; Varley, s. 183–190; Titsingh, s. 139–142.
  17. Brown, s. 298; Varley, s. 190–191; Titsingh, s. 142–143.
  18. Brown, s. 299–300; Varley, s. 191–192; Titsingh, s. 144–148.
  19. Brown, s. 300–302; Varley, s. 192; Titsingh, s. 148–149.
  20. Brown, s. 302–307; Varley, s. 192–195; Titsingh, s. 150–154.
  21. Brown, s. 307; Varley, s. 195; Titsingh, s. 154–155.
  22. Brown, s. 307–310; Varley, s. 195–196; Titsingh, s. 156–160.
  23. Brown, s. 310–311; Varley, s. 197; Titsingh, s. 160–162.
  24. Brown, s. 311–314; Varley, s. 197–198; Titsingh, s. 162–166.
  25. Brown, s. 314–315; Varley, s. 198–199; Titsingh, s. 166–168.
  26. Brown, s. 315–317; Varley, s. 199–202; Titsingh, s. 169–171.
  27. Brown, s. 317–320; Varley, s. 202; Titsingh, s. 172–178.
  28. Brown, s. 320–322; Varley, s. 203–204; Titsingh, s. 178–181.
  29. Brown, s. 322–324; Varley, s. 204–205; Titsingh, s. 181–185.
  30. Brown, s. 324–326; Varley, s. 205; Titsingh, s. 186–188.
  31. Brown, s. 326–327; Varley, s. 205–208; Titsingh, s. 188–190.
  32. Brown, s. 327–329; Varley, s. 208–212; Titsingh, s. 191–194.
  33. 33,0 33,1 Brown, s. 329–330; Varley, s. 212; Titsingh, s. 194–195.
  34. Brown, s. 333–334; Varley, s. 214–215; Titsingh, s. 200–207.
  35. Brown, Delmer et al. (1979). The Future and the Past, a translation and study of the «Gukanshō,» s. 286.
  36. Titsingh, Isaac. (1834). Annales des empereurs du japon, s. 132.
  37. Titsingh, s. 142.
  38. Titsingh, Isaac. (1384). s. 145.