Heidi Biebl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Heidi Biebl
Fødd 17. februar 1941
Oberstaufen

Heidi Biebl (fødd 17. februar 1941) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå Oberstufen i Bayern som vart olympisk meister i utfor under OL 1960 i Squaw Valley i USA.

Ativ[endre | endre wikiteksten]

Biebl var akkurat fylt 19 år då ho vann utforrennet under vinterleikane 1960 i Squaw Valley i delstaten California med ein margin på eitt sekund i høve til heimefavoritten Penny Pitou. Dermed vart ho den yngste olympiameisteren i leikane. Fire år seinare vart Biebl nummer fire både i utfor og slalåm då Vinter-OL 1964 fann stad i Innsbruck.

I tida frå 1959 til 1965 var Biebl den fremste kvinnelege alpinsten i Tyskland, og vart vesttysk meister heile 14 gongar i perioden. Usemje med det vesttyske skiforbundet førte til at ho la opp i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]