Oberstaufen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oberstaufen

Oberstaufen er ein kommune i landskapet Schwaben i delstaten Bayern i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 125,9 km² og i kring 7 800 ibuarar. Kommunesenteret ligg 791 meter over havet i eit landskap med skogkledde åsar og kollar.

Den aller fyrste tevlinga i Verdscupen i alpine greiner for kvinner vart avvikla i ein skibakke i Oberstaufen . Nancy Greene frå Canada vann både slalåmrennet 7. januar 1967 og storslalåmrennet dagen etter. Skirennarane Barbi Henneberger og Heidi Biebl var begge frå Oberstaufen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]