Helgåga
Helgåga er ei elv i Rana kommune som munnar ut i fjordarmen Nordsjona inst i fjorden Sjona. Namnet har uvisst opphav, men mange tolkar det som ei avleiing frå heilag.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Vassdraget har fleire store innsjøar. Dei største, Helgåvatnet og Gråvatnet er begge typiske fjordsjøar. Høgtuvbreen i nordaust tilfører sediment til vassdraget. Dette har ført til biologisk og geologisk interessante fenomen som ein dalsandur i dalen oppfor Øvre Helgåvatn og eit delta ved utløpet i Helgåvatnet av elva frå Øvre Helgåvatn.
Vern
[endre | endre wikiteksten]Vassdraget er verna i Verneplan IV for vassdrag.[1] Ved vernet vart det lagt vekt på vassdraget sin type- og referansevassdrag og på dei store kulturfaglege verdiane, kulturminna og friluftsliv. I området til vassdraget er òg Kvannlia-Sølvjodalen naturreservat verna. Nedbørfeltet, på 98 km², er svært lite påverka av menneskeleg verksemd med berre spreidd busetnad i nedre del, samt om lag 10 fritidshytter ved Litlevatnet, Gråvatnet, Helgåvatnet og Øvre Helgåvatn. I tillegg har Helgelandskraft ei hytte til bruk som base ved arbeid med kraftlinja som går gjennom dalen ved Stortjønna lengst nord i vassdraget, heilt ved vasskiljet og grensa mot Gjervalvassdraget i Rødøy kommune.
Busetnad og næring
[endre | endre wikiteksten]Der elva renn ut i sjøen ligg tre småbruk, øvre og nedre Helgå og Langstrand. På Langstrand vart vatn frå elva på 1920-talet brukt i hermetikkproduksjon.
På 1980-talet var det planar for etablering av eit landbasert fiskeoppdrettsanlegg ved elva, men desse vart skrinlagde etter krakket i oppdrettsnæringa.
Utbyggingsplanar
[endre | endre wikiteksten]I 2007 sendte Helgeland Småkraft AS ein søknad til NVE om konsesjon til å bygge eit vasskraftverk på 1 MW i Helgåga, med ein årleg produksjon av 5,7 GWh.[2] Konsesjonssøknaden har møtt motbør på grunn av vassdraget sin verdi som referansevassdrag, men politisk behandling gav eit positivt vedtak frå Miljø-, plan og ressursutvalet (MPR) i Rana kommune den 15. august 2007.[3] Søknaden skal no handsamast av Nordland fylke før NVE fatter endeleg vedtak.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Helgåga» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ St.prp. nr. 118 (1991-92): Verneplan IV for vassdrag
- ↑ Søknad om utbygging av kraftverk (Sakstype C-41), Registreringsnr 4955, Saksnr 200702621, Vassdragnr 157.4Z HELGÅGA
- ↑ Rana Blad: Vil bygge ut vernet vassdrag, 4. september 2007