Helgeland Kraft
Helgeland Kraft er ein produsent og leverandør av elektrisitet med hovudkontor i Mosjøen og avdelingskontor i Brønnøysund, Sandnessjøen og Mo i Rana.
Historikk[endre | endre wikiteksten]
Aksjeselskapet Helgeland Kraft er ei vidareføring av det kommunalt eigde Helgeland kraftlag som vart etablert i 1964 ved ei samanslåing av Sør-Helgeland kraftlag og Midt-Helgeland kraftlag. Av desse var Sør-Helgeland kraftlag det eldste, som gjorde den første utbygginga i Rørøyfossen på Vega i 1914.
Kraftverk[endre | endre wikiteksten]
Helgeland Kraft eig 8 kraftverk (alle tal middels årsproduksjon):
- Sjona kraftverk, 224 GWh
- Grytåga kraftverk, 240 GWh
- Fagervollan kraftverk, 56 GWh
- Kaldåga kraftverk, 62 GWh
- Forsland kraftverk, 28 GWh
- Langfjord kraftverk, 33 GWh
- Ildgrubfossen kraftverk, 28 GWh
- Andåsfossen kraftverk, 6,5 GWh
I tillegg har selskapet driftsansvar for Kolsvik kraftverk på 504 GWh, som det eig 50 % i.
Eigarskap[endre | endre wikiteksten]
Det er kommunar på Helgeland som eig aksjane i Helgeland Kraft. Aksjonærane er kommunane Alstahaug (10,1 %), Brønnøy (9,6 %), Dønna (4,4 %), Grane (2,5 %), Hattfjelldal (2,5 %), Hemnes (7,0 %), Herøy (3,8 %), Leirfjord (3,2 %), Nesna (4,6 %), Rana (26,8 %), Sømna (3,2 %), Vefsn (18,3 %), Vega (2,8 %) og Vevelstad (1,2 %).
Helgeland Kraft har direkte eller indirekte eigarskap i følgjande selskap:
- Mo Fjernvarme - leverer vassboren varme i Mo i Rana
- Helgeland Vekst AS - regionalt investeringsselskap
- Storuman Energi AB - svensk kraftsalselskap
- Naturgass Helgeland AS - distribusjonsselskap for naturgass
- Enviro Energi - salselskap for grøn energi
- Elinor - innkjøpssamarbeidsselskap
- Norsec - energirådgjevingselskap