Helga Ramstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Helga Anna Augusta Ramstad (8. januar 187520. mars 1956), fødd Saastad, var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet frå Hillestad i Vestfold. Ho var stortingsrepresentant frå Akershus i perioden 1934–36.

Ramstad var gift med ein politibetjent i Aker kommune. Sjølv arbeidde ho som vaktmeister ved ein «middelskole» i tida 1921-41.

Lokalt var Ramstad med i ei rad styre, utval og råd. Ho var mellom anna medlem av Aker formannskap perioden 1916-19 og i heradsstyret 1928-31. Elles var ho formann i kvinneutvalet i Akershus arbeidarparti og medlem av kvinnesekretariatet i partiet. Frå 1933 til -36 var ho med i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Hausten 1933 vart Ramstad vald inn på Stortinget, der ho treårsperioden 1934-36 var medlem i Sosialkomiteen.

Ramstad var med i Hustellkomiteen av 1935 og i Kosthaldsnemnda av 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]