Helge Jakobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Jakobsen
Fødd31. august 1901
Død25. september 1996 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Helge Jakobsen (31. august 190125. september 1996) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tromsøysund. Han representerte Troms fylkeStortinget i perioden 1961-73, der han representerte partiet Venstre til 1972, og siste året Det Nye Folkepartiet. Tingmann Anton Jakobsen var far hans.

Jakobsen gjekk handelsskule i 1917/18. Han byrja så som ekspeditør i Troms Fylkesproviantering (seinare Troms Felleskjøp), der han avanserte til bokholdar og sidan kontorsjef. Frå 1933 arbeidde han i Nordolje AS, fyrst som kontorsjef og frå 1950 som disponent. Også frå år 1933 dreiv han reiarlaget Brødrene Jakobsens rederi, ein yrkesposisjon han hadde i 49 år. Frå 1946 til 1983 var han i tilleg disponent i AS Norfisk. Han hadde talrike tillitsverv i fiskeri- og sjøfartsnæringa, samt kva gjaldt sildoljeproduksjon.

Jakobsen var medlem av Tromsø bystyre 1936-40 og 1945-49. Hausten 1961 vart han vald til stortingsrepresentant for partiet Venstre og Troms. Ved dei to nestkomande stortingsvala vart han attvald. Han var i 1961-69 medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, medan han dei siste fire åra var med i Administrasjonskomiteen. Då partiet Venstre vart splitta under landsmøtet 1972 på Røros, braut Jakobsen med fleirtalet i partiet og var med på danninga av Det Nye Folkepartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi