Helge Lurås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Lurås
Fødd 12. desember 1970
Drammen
Yrke redaktør, rådgjevar

Helge Lurås (fødd 12. desember 1970) er ein norsk analytikar og samfunnsdebattant med vekt på internasjonale tilhøve. Frå 2017 er han ansvarleg redaktør og grunnleggar av nettavisa Resett.

Etter utdanning som siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i 1995 og cand.mag.-eksamen (med faga sosiologi, sosialantropologi og idéhistorie) arbeidde Lurås i det norske Forsvaret og hadde ei rekke utanlandsoppdrag. Han var i 1995 administrasjonssjef i Bosnia, i 1996 budsjettoffiser i Ungarn, og i 1997 militær observatør i Guatemala for Forsvarets Overkommando. I 1999–2003 var Helge Lurås politisk analytikar i Bosnia for Forsvarets Overkommando. I åra 2004–2008 var han politisk rådgjevar ved Office of the High Representative i Bosnia.

Lurås var 2008–2011 rådgjevar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). I 2012 starta han Senter for internasjonal og strategisk analyse (Sisa).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]