Helvete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helvete frå ein freske i Sankt Nikolas-kyrkja i Raduil i Bulgaria
Sjå òg Helvete i Espedalen

Helvete er eit religiøst omgrep brukt om ein stad eller tilstand fylt av smerte og liding. Det norske ordet «helvete» kjem frå norrønt Hel (dødsriket) og viti ('straff').[1] I mange religionar vert det hevda at vonde eller ugudelege menneske skal pinast i helvete i all æve, eller til dei har sona for gjerningane sine.[2]

Førestillingar om dødsrike[endre | endre wikiteksten]

I det gamle Mesopotamia fanst det fleire førestillingar om dødsrike. Det kunne vera ein stor underjordisk by verna av sju portar, som i den akkadiske framstillinga av Ishtar si reise til dødsriket. Dette dødsriket var ikkje ei straff for handlingar gjort medan ein var i live, men ein stad ein kom til dersom kroppen til den avdøde hadde gått gjennom dei rette rituala.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «helvete» i Nynorskordboka.
  2. Kværne, Per; Groth, Bente (2. januar 2019). «helvete». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Choksi, M. (2014), «Ancient Mesopotamian Beliefs in the Afterlife», Ancient History Encyclopedia (ancient.eu), arkivert frå originalen den 20. august 2017, henta 27. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]