Hemnes gamle kyrkjegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°43′22″N 11°25′18″E

Tømmerkyrkja som vart riven då kyrkjestaden vart flytta.
Foto: Ukjent/Riksantikvaren
Hemnes gamle kyrkjegard
Foto: Jan-Tore Egge

Hemnes gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjestaden i Søndre Høland, om lag halvannan kilometer nordvest for dagens Søndre Høland kyrkje med kyrkjegard.

Det har stått to kyrkjer på staden. Den første var vigd til Olav den heilage den 22. januar (ukjent år). Ikkje mykje er kjent om korleis denne kyrkja såg ut.[1] Kyrkja er første gong omtala i 1344.[2]

Omkring 1620 vart mellomalderkyrkja avløyst av ei tømra kyrkje, ei langkyrkje med vesttårn. I byrjinga hadde kyrkja våpenhus i tårnfoten, men på slutten av 1600-talet fekk ho nytt våpenhus vest for tårnet. Tårnrommet vart tilsynelatande inkorporert i sjølve kyrkjesalen. Eit sakristi vart oppført på nordsida av koret i 1666. På 1700-talet vart øvre delen av vesttårnet riven, og kyrkja fekk takryttar på skipet, der klokkene vart installerte. På eit tidspunkt hadde ein planar om å utvide til krosskyrkje, men desse planane vart aldri gjennomførte. Kyrkja vart riven då dagens kyrkje stod klar i 1866.

Døypefonten er overført til dagens kyrkje. Preikestolen vart seld i 1866 til ein lokal gardbrukar. Elles synest inventaret å ha gått tapt.

Terrenget ved den gamle kyrkjegarden er relativt flatt, og det veks lauvtre på staden. Kyrkjegarden vert halden i hevd. Enkelte gamle gravminne finst framleis på staden. Blant desse er eit minnesmerke over eidsvollsmannen Christian Christensen Kollerud, som var frå Høland og representerte Akershus amt. Eit anna minnesmerke er over Høland sin første ordførar, Jacob Christopher Offen Østbye.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. »Norges kirker», som ligg til grunn for denne framstillinga.
  2. Akershus fylkeskommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.