Langkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reinli stavkyrkje er bygd som ei langkyrkje
Foto: John Erling Blad

Langkyrkje er ei vanleg kyrkjeform. Ei langkyrkje har eit langstrakt kyrkjerom som skal symbolisere mennesket sin veg eller vandring gjennom livet. Målet er alteret som då symboliserer paradis. Denne kyrkjeforma har vore den vanlegaste i Noreg frå mellomalderen fram til 1900-talet. Det er vanlegast med denne kyrkjetypen at koret er smalare og lågare enn sjølve kyrkjeskipet. Denne kyrkjeforma var særleg utbreidd då nygotikken kom til Noreg. Forma fekk òg ei ideologisk forankring som ei luthersk kyrkjeform.

Av kyrkjer oppført på 1800-talet er omkring 40 % langkyrkjer.[1]

Inne i Holdhus kyrkje, ei langkyrkje bygd i 1306.

Ei rad stavkyrkjer er utforma som langkyrkjer. Reinli stavkyrkje har kor med same høgde og breidde som skipet, og før den fekk lagt til apsis og svalgang, har den hatt eit rektangulært grunnplan. Opphavleg er det berre to av stavkyrkjene som har vore av denne typen, Reinli og Rinde stavkyrkje, men fleire stavkyrkjer vart bygd om til langkyrkjer på eit seinare tidspunkt, enkelte allereie i mellomalderen og andre etter reformasjonen. Dei første stavkyrkjene som vart bygd om var Ål og Torpo stavkyrkje. Dette skjedde truleg i andre del av 1200-talet.[2]

Mange av steinkyrkjene oppført etter 1250 er også langkyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13
  2. Christie, Håkon, 1981 s. 233