Riksforsamlinga på Eidsvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleriet Eidsvold 1814 blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter forsamlinga på Eidsvoll og var ei gåve til Stortinget i 1885.[1] Christian Magnus Falsen står oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sida av. I alt omfattar måleriet rundt 70 portrett.[2] Måleriet heng i Stortingssalen.

Riksforsamlinga på Eidsvoll frå 10. april til 20. mai 1814 blei kalla saman for å utarbeide den norske Grunnlova. Den lovgjevande forsamlinga vart innkalla av prins Christian Frederik, som inntil da hadde vore Fredrik VI sin statthaldar i Noreg.

Gjennom sitt opne brev av 19. februar til heile folket og embetsmennene i landet kunngjorde han at han hadde overteke riksstyret som regent for å hevde og forsvare at landet var uavhengig og sjølvstendig.

«Af Nationen valgte, oplyste Mænd skal samles den 10de April førstkommende udi Eidsvold i Akershus Amt, for at antage en Regjeringsform, som fuldkommen og for bestandig kan betrygge Folkets Frihed og Statens Tarv».

I rundskriv av same dato til biskopane, amtmennene, hæren og flåten kunngjorde han reglane for valet av representantar. Dei skulle finne stad i hovudkyrkjene i landet etter gudstenesta og og eiden skulle avleggjast på bededagar allereie den 25. februar eller så snart det var praktisk mogleg.

Riksforsamlinga bestod av 112 representantar frå heile Sør-Noreg og så langt nord som til Nord-Trøndelag. På grunn av lange avstandar og tidsnaud blei ikkje Nord-Noreg representert.[3] Representantane ved forsamlinga blir populært kalla «Eidsvollsmennene» eller «fedrane på Eidsvoll».

Forsamlinga hadde møta i Eidsvollsbygningen som var heimen til Christian Frederik sin ven Carsten Anker. Grunnlovsverket eller 17. mai-grunnlova vart fullført og datert 17. mai, og underteikna og forsegla av presidentskapet. Same dag blei Christian Frederik einstemmig valt til konge.

Dagen etter, den 18. mai 1814, vart grunnlova underteikna og forsegla av dei øvrige representantane siden dette var ein tidkrevande prosess som ein ikkje rakk å fullføre på ein dag.[4] [5] 17. mai vart likevel grunnlovsdagen og Noregs nasjonaldag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oscar (Arnold) Wergeland. Akershus kulturnett. Arkivert frå originalen den 20. mai 2011. Vitja 9. mars 2015.
  2. Hvor satt de 112 i Riksforsamlingen?. Eidsvoll 1814. Vitja 9. mars 2015.
  3. Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll. Arkivverket. Vitja 9. mars 2015.
  4. Nielsen, Yngvar: Norge i 1814, Christiania 1905, s. 257: «Grundloven, der er dateret 17de Mai, blev den 18de underskreven af de tilstedeværende Repræsentanter og beseglet.»
  5. Steen, Sverre: 1814, Oslo 1961, s. 184: «Tirsdag en 17. mai ble det renskrevne eksemplar av Grunnloven undertegnet og beseglet av presidentskapet og etter hvert av Riksforsamlingens enkelte medlemmer.»